Fædrelandsvennen

Spennande, amerikansk

- Karin Slaughter Harpercrim­e Nordic BJARNE TVEITEN

Forfattare­n har skrive fleire bøker med Will Trent frå Georgia Bureau of Investigat­ion som hovudperso­n, men dei har eg berre lese om. I denne nye krimboka har ho Sara Linton – den nye rettsmedis­inaren til GBI og Wills kjæraste – som partnar.

Eit lik blir funne på ein byggeplass der arbeidet har blitt avslutta. Dei to blir raskt klår over at dei blodige fotspora bort frå funnstaden er merke etter eit anna offer, truleg ei kvinne – som er søkk borte. Drapsoffer­et var for ikkje så lenge sidan politimann.

At ein lokal idrettshel­t eig lokalet der liket blir funne gjer arbeidet ekstra vanskeleg, særleg fordi han for kort tid sidan – med hjelp av dyre advokatar – blei frikjent for ein valdtekt.

Verst er det likevel at radarparet Sara og Will på åstaden oppdagar ei direkte kopling til Wills alt anna er harmoniske fortid – for å seie det varsamt. Det handlar mykje om ektefolk, om mammaer og døtrer – og familieløy­ndomar som kan vere fatale.

Som sagt, «Fanget» er mitt første møte med forfattare­n Slaughter, og eg kan berre slå fast at ho er ein høgst oppegåande krimhandve­rkar. Ho skaper truverdige, sentrale personar, sjølv om ho treng i meste laget av ord for å klare det. Nesten alle dei sentrale personane har sine vanskeleg handterbar­e demonar, slik det helst skal vere i ein psykologis­k thriller. Det heile er amerikansk så det held – pengar styrer det meste. Mange pengar, både «kvite» og «svarte».

Politisk er også denne boka interessan­t. Både direkte og indirekte er det ikkje vanskeleg å «lese» stor skepsis til kva massevis av dollar kan bety når det gjeld å unngå å bli dømt for til dømes seksuelle og valdelege overgrep – særleg mot kvinner.

«Fanget» er ein psykologis­k thriller som ruvar. Gjennom det meste av boka, er spenningsn­ivået høgt – eller skyhøgt. Mot slutten er det nesten – men berre det – uuthaldele­g. 479 sider er i overkant. Ei viss innstrammi­ng kunne ha gjort denne gode, psykologis­ke thrillaren til ein suveren «sidevendar»!

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway