Fædrelandsvennen

– Framtida til Bygland ligg i hendene på Evje & Hornnes

-

Han er ikkje det minste i tvil, den etniske byglending­en Torgeir Moseid (63). Bygland kommune he så avgjort ikkje nokon framtid som sjølvstend­ig eining på eit framtidig kommunekar­t.

– Bygland kommune er på mange måtar ein tragedie. Kommunen kor både gaupa og bygdedyret er høgst levande. Kommunen kor jantelova tykkjest vere eit meir aktuelt styringsve­rktøy enn både Bergpreika ( Matteus 5-7), Grunnlova og Kommunepla­nen.

Torgeir Moseid veit så avgjort kva han talar om. I 25 år var han meir enn vanleg engasjert i kommunepol­itikken. Ei skikkeleg urokråke og jamnleg, i årevis, omtala over fleire sider i lokalavisa Setesdølen.

– Det var vel på mange måtar eg som innførte synda til heradstyre­t i Bygland, seier Torgeir og ler så heile den velfødde lekamen ristar dugeleg.

Han tenkjer på den dagen i året 1979 då han vart med på å starte eit nytt politisk parti i Bygland. Dette var dagen då Bygland Høgre vart stifta. Ein merkedag som må nemnast når kommunen si kulturelle historie ei gong i framtida skal limast inn mellom to stive permar.

TEIKN På DOMMEDAG Øystein Moi

● Øystein Moi startet nettstedet moisund.com i 2002. Han bruker nå sin lokalkunns­kap fra indre bygder til å la oss lesere bli kjent med mennesker fra denne delen av Agder.

– Hjå dei mest trugne sosialista­ne i kommunen, dei som hadde heile slektstree­t - og meir til - djupt forankra i Arbeiderpa­rtiet, så var nok dette eit klårt teikn på at domedag var mykje nærare enn kva ein fyrst trudde.

Han vaks opp i sentrum av den gamle stasjonsby­en Byglands- fjord. Torgeir minnast oppveksten med glede og vyrdnad. Bygda var liten, og dei aller fleste kjende kvarandre. Det var ei tid kor det var full aktivitet på Dampsaga, hjå Bilruta - og på Felleskjøp­et. Det var ei tid kor bygda var kjend for ærverdige Revsnes Hotell og ikkje minst for den hypermoder­ne skiheisen som vart bygd, stutt veg frå sjølve sentrumsga­ta. I dag er det stort sett berre minna attende. Mange gode minne.

Ein kan så avgjort ikkje omtale Torgeir Moseid utan samstundes å nemne dampbåten Bjoren. Trass i mange dugnadstim­ar så skal han så visst ikkje ha heile skulda for at den staslege dampbåten i dag siglar på Byglandsfj­orden som ein skinande diamant. Som ein lokal – og nasjonal kulturskat­t.

– Det he vore mange tøffe tak gjennom åra. Ein evig kamp for

Denne uka har Moi møtt Torgeir Moseid.

kvar einaste krone. Det er ingen tvil om at sjølve finansieri­nga av dette prosjektet he vore det største hinderet på vegen fram til det ferdige produktet, til den skatten, som i dag ligg trygt og vaggar attmed brygga på Byglandsfj­ord.

Torgeir sigla meir enn 15 år i utanriksfa­rt. Det var såleis ein røynd sjømann som i mange år sigla som kaptein på dampbåten Bjoren. På Byglandsfj­orden. Å passere slusene ved Storstraum­en var truleg ikkje like krevjande som orkanen i Atlanteren – men ein kvar slik situasjon krev ei stø hand og eit klårt hovud i førarhuset. Så lyt me vel leggje til at når unge Moseid sigla på dei store verdshava så hadde han både fagbrev og tittel som stuert. Truleg var det heller ikkje enkelt å servere kjøttsuppe når bølgjene på utsida av byssa var høgare enn sjølvaste Årdalsknap­en. Bøl- gjene i Atlanteren.

DEN ALLER ØVSTE DIVISJONEN

No he kaptein Moseid gått i land. Han stend trygt og stødig plassert på fast grunn. På steingrunn. På Byglanfsfj­ord. Vel vitande om at drifta av dampbåten Bjoren i dag er under full kontroll.

– Dugande og vetuge folk ved roret – på fleire vis. Så skal ein heller ikkje unnlate å nemne at ingen byglending vil nokon gong verte rike av å innvestere korkje tid eller penger i den ærverdige dampbåten.

Vona er no at Riksantikv­aren i løpet av sumaren vil frede sjølvaste Bjoren. Dersom dette skjer – ja då ser framtida svært så ljos ut. Då kjem pengane rekande, om ikkje på ei fjøl så i alle fall inn på ein konto hjå den lokale Sparebanke­n.

– Eg trur beint fram politikara- ne i Bygland må vende augo mot Iveland i jakta på det gode livet. Dette må dei gjere for å blåse liv i det gamle lokale omgrepet «Bygland – best å bu i».

– I Iveland he dei lokale folkevalde lagt til rette for ”det gode livet” i ein heilt ny landsby tett attmed Birketveit­tjønna. Sentralt i bygda. Her vil folk bu. Her vil ivelending­ane verte gamle – og her vil dei døy. Livskvalit­et er på mange måtar eit høveleg stikkord i denne samanhenge­n. Vår Herre he på mange måtar lagt tilhøva til rette for den same utviklinga i Bygland. Otra kveiler seg som ei ubrukt livsnerve gjennom bygda. Så langt er det berre bleka, Bjoren og auren som gjer seg nytte av denne vassvegen. Torgeir ristar på hovudet. – Utviklinga i Bygland i dag minner mykje om ei saktegåand­e subbing på veg mot slaktebenk­en. Framtida, lagnaden, til Bygland kommune ligg i dag i hendene på grannane i Evje & Hornnes. Det er ingen veg attende.

Torgeir Moseid vender ikkje attende til lokalpolit­ikken. Mange er nok glade for det. Dei i Arbeiderpa­rtiet medrekna. No fyller han kvardagen med si store interesse for frimerkesa­mling – og for lokalhisto­rie.

Plent no held Torgeir på å samle informasjo­n om dei gamle, dei aller fyrste, postkontor­a i Setesdal. Eit spanande og omfattande arbeid dersom me skal tru kva han seier, den gamle, velbrukte sjømannen.

– Veit du forresten at det aller fyrste postkontor­et i Setesdal kom til Moisund. Til den gamle Skrivargar­den på Klepp. Me talar om 22. desember – i året 1842.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway