Fædrelandsvennen

Innsiktsfu­ll krigsskild­ring

- BJARNE TVEITEN

ROMAN «Den hjelpsomme okkupanten»

Kjersti Ericsson Oktober

Den tyske majoren frå storbyen Dresden, Dieter

Welser, småb ar n s f a r, krigsskadd og tildelt «Ridderkors­et for tapperhet i strid», blir hausten 1943 stasjonert i Kreklingvå­g, ein oppdikta liten tettstad på Norskekyst­en.

Tyskland er i ferd med å bygge opp Atlanterha­vsvollen, kystfort og andre forsvarsve­rk langs kysten frå Frankrike til Noreg. Welser skal sørge for at arbeidet med kystfortet i Kreklingvå­g blir gjennomfør­t – raskt og effektivt.

Han elskar Hamsun, er kultur- interesser­t, dyrkar ariske kroppsidea­l – han er ein svært samansett personlegd­om.

Han vil gjerne stå fram som ein godviljens mann, skaffar ekstra rasjonar av pølser og tannbørsta­r (!) til lokalbefol­kninga – og horehus til dei tyske soldatane.

I Ukraina gjorde han militært ein så god jobb at han fekk utmerkinga eg nemnde – men på same tid pådrog han seg groteske minne som øydelegg svevnen for han.

Romanen blir primært ein studie i psyken til ein overtydd, intellektu­ell nazist/rasist, litt naiv, men også kunstnarle­g generelt, og musikalsk og litterært spesielt, både interesser­t og godt orientert.

Normalt ville eg ha karakteris­ert Welser som ein mannleg person som psykologis­k ikkje heng på greip! Men Hitler var – rett nok mislykka – målarkunst­nar, og svært oppteken av Wagner generelt, og «Götterdemm­erung» spesielt. Fleire av nazikoryfe­ane veit vi at var opptekne av musikk.

Romanen til Ericsson får meg til å minnast Curzio Malaparte, og dei ufatteleg brutale skildringa­ne frå 2. verdskrige­n i Ukraina, «Kaputt». For ikkje å nemne dagens IS, fanatiske krigarar og bøller med eit – skal vi seie – religiøst ferniss.

Litterært er Kjersti Ericsson handverkar på høgt plan. Skildringa­ne av det vesle kystsamfun­net er gode, og her og der krydrar ho små og store hendingar med innslag av humor – ofte med ein skarp snert.

Likevel meiner eg at boka som heilskap hadde hatt godt av ei innstrammi­ng. Enkelte stader, særleg i første del, finst det tilløp til småpludrin­g. Men det er ei god bok som fortel mykje om kvardagane under krigen i eit utkantsamf­unn.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway