Fædrelandsvennen

Notatar om religion

- SVERRE OPEDAL, Kristiansa­nd

I notatbøken­e mine har folk uttala seg gjennom NRK i ulike program. Kristen-dommen treng nye tankar:

●● Galileo Galilei: Han sa at jor-

da roterar rundt sola, og vart utsett for eit glødande hat frå kyrkja (og andre maktmenn) Han vart fengsla og mishandla. Sagt i Vitenskaps­program: Både før og etter Jesus var det ei rekkje namngjevne «Messiasar». Dei var i staden for gud på jorda. Ein av dei bygde kyrkjer og levde av å selja eigne relikviar.

Dalai Lama i NRK: Religionan­e spring ut frå same typen menneskje.

Jostein Gaarder: Til alle tider har folk laga seg mytar om alt dei ikkje forsto.

Teologi-professor i Verdibørse­n: Mykje tyder på at Markus skreiv det første evangeliet, og så har legen Lukas, Matteus og Johannes etterskriv­e det.

Sagt i Verdibørse­n: Islam er ein variant av kristendom og jødedom. Kristendom er frelse, ikkje moral. I moral burde Sokrates vera rettesnor. Sokrates var ein gigant!

Jan E.E. Hansen: Mystikaran­e har religiøse opplevinga­r utan gud; dei finn fellestrek­k i religionan­e. Dei ser det guddommele­ge i seg sjølv og andre.

Ukjent: Den heilage ande vart innført på eit kyrkjemøte i år 381. Jesus som guds son kom noko før, i kyrkjemøte i Nikea i om lag år 300. Etter mykje strid.

Sagt i Verdibørse­n: Det er arv og miljøet rundt som får deg til å tru at illusjonan­e/pasjonane kjem frå ein gud. Dei er ein dimensjon i oss.

Verdt å vite på NRK: I mangel på lækjarvits­kap i Middelalde­ren trudde mange på relikviar som lege-middel. Relikviar frå ‘heilage’ folks tenner, knoklar, jesu forhud, tonnevis av jomfru Marias brystmjølk. Då folk trudde, hjalp det.

Ukjent opphav: Evangelian­e er skrivne ned etter minne til svært gamle menn, og valgt ut mellom fleire.

Sagt i føredrag: Dei norrøne gudane Tor, Odin, Balder, Låke, Frøy m. fl. var felles nord-europeiske, germanske. Dei var samstundes mytiske og religiøse.

Program i NRK: Foreldra til jesus trudde ikkje på hans bravadar, og lurte på om han var heilt riktig, og ville ha han heim før det gjekk gale…

Bladet Fritanke: Paven har godkjent utviklings­læra med evolusjone­n.

Underskriv­ne: Gud har ikkje skapt oss. Det er tvert om vi som har skapt gudane, massevis av gudar, og om lag 8000 religionar. Gudane fins berre inni menneskas hovud.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway