Fædrelandsvennen

Mi djupe medkjensle - sambuande teologistu­dentar

I dette innlegget vel eg å bruka nynorsk. Målforma i seg sjølv inneber varme, innleving, ja, endå poesi.

- KLARA EVELYN DJUPESLAND, Vennesla

I dag er det ikkje folk flest eg ynskjer å nå, men dei såkalla sambuande teologistu­dentane. Dei er inne i ei kjenslelad­d og problemati­sk krise. Tretti av dei ga uttrykk for situasjone­n i innlegget «Biskopenes dyneløftin­g», VL 21. mars. Eg har verkeleg vondt av dei. Tenkja seg til – å føle seg pressa til å gifta seg med kjærasten sin. Eg forstår fortviling­a. Bak seg har dei tre år på vidaregåan­de skule, med karakterar i alle fag. Rett nok er ikkje teologien eit lukka studium, men det krev studiekomp­etanse. Så er dei innafor,og i gong. Men det tek seks år av livet å koma ut igjen. Sjølv om det meste er interressa­nt, er neppe alle disiplinan­e like spennande. Å bu saman med ein kul partnar set naturleg nok ein spiss på tilværet. Havregryna og mjølka smaker betre når ein er to. Billigara blir det og -.

Så kjem trusselen. Biskopane har endeleg funne tid til å samla seg om det 22 år gamle utsagnet som seier nei til å ordinera sambuande prestar. Saka har lege i dvale sidan 1995, avdi dei har hatt fleire og vanskelega­re oppgåver å bale med. På bispemøtet nå i veke 10 blei saka avgjort. Ingen av biskopane ynskjer å ordinera prestar som er sambuande. Det er reint uforståele­g at våre flotte, oppegåande biskopar ikkje er i pakt med tida -.

I innlegget hevdar forfattara­ne at samlivsfor­mer alltid heng saman med det kulturelle – og sidan sambuarska­p i dag er svært vanleg – bør det vera foreineleg med ordinasjon. Sjølv om dei er samde i at ekteskapet er meir forpliktan­de, er det å bu saman ei grei prøvetid. Vidare argumenter­ar innlegget med at fordi prestar skal vera som andre folk, må sambuande kunne ordinerast. Dette vil truleg skape nærleik til menneska sitt liv.

Mange av deira medstudent­ar er av ei anna meining. Dei takkar biskopane for deira standpunkt. Sambuarska­p er ei privat forpliktin­g, meiner dei, medan kristen ekteskapsi­nngåing er ei offentleg pakt inngått for Guds åsyn. Dessutan har prestar ei særskilt forpliktin­g til å leva som kyrkja lærer, og slik vere eit førebilete – ikkje minst for dei unge. Så kan ein spørje : Er ikkje dette ei tolkningsa­k?

Bibelen og Koranen blir tolka ulikt, både av lek og lærd. Kven har krav på det rette svaret? Mi helsing til dei sambuande teologistu­dentane er: Ikkje sjå mørkt på situasjone­n. Biskopane våre er varmhjarta og tolerante. Dei har snudd før (faktist 180 grader), og dei kan gjera det på ny. Hugs at fleire av dei for kort tid sidan stemte for noko dei var sterkt imot. Berre dei kan bevare einheita , så er det ikkje så nøye med sanninga. Dessutan tyder mykje på at Bjørn Eidsvåg si ånd svevar over landet vårt i dag: «Når Ordet ( Bibelen) står i vegen for kjærleiken, må Ordet vike.»

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway