Fædrelandsvennen

Dystert om Sør-sudan

- BJARNE TVEITEN

ROMAN

Der savannen ender

Gunnar Kopperud Gyldendal

Gunnar Kopperud har lang fartstid som journalist i Afrika. Grundig kjennskap til afrikansk politikk og daglegliv ligg i botnen i denne spennande romanen. Eigentleg er det tre forteljing­ar forfattare­n har fletta i hop.

Ein familie; mor, far og to barn, blir kidnappa. Ein korrupt, gresk bar- og hotelleiga­r har mange, og tvilsame, kontaktar å nytte / utnytte. Ein norsk, desillusjo­nert reporter som ligg og «vaker» i kulis- sane skal på sett og vis bli ganske sentral etter kvart. I tillegg opererer ei dame frå norsk UD, og ei ung dame frå «Leger uten grenser» i utkanten av handlinga.

Stort meir av den konkrete handlinga, som i all hovudsak er lagd til Sør-sudan, skal eg ikkje røpe, men forfattare­n skaper driv gjennom nesten 350 sider.

«Der savannen ender» er ein dyster roman, for ikkje å seie ein dystopi. Brorparten av personane, utanom den kidnappa familien, er opptekne av korleis dei kan sikre eigne, økonomiske og politiske interesser. Fleire snakkar om fred, forsoning og så vidare, men det er tomt snakk. Det handlar om pengar, ikkje om fridom og fred.

Bildet av Sør-sudan er kolsvart. Finst eigentleg ikkje lys i tunnelen. Rett nok finst det nokre europeiske unge jenter som står fram som modige og sterke. Ei av dei er dama frå «Leger uten grenser», men ho overlever ikkje råskapen.

Eg synst «Der savannen slutter» var ei vond bok å lese. Forfattare­n er flink nok som spenningss­kapar til å jage meg gjennom sidene, men sjølv om det endar bra for den norske familien som blir kidnappa, er det mykje som skurrar. Når ein så røynd kjennar av Afrika generelt, og Sudan spesielt, konkludere­r så dystert, kjenner eg at håpet om noko betre i framtida blir borte.

Til slutt, eg greip meg mange gonger medan eg las romanen til Kopperud, i å minnast Jon Michelets fantastisk­e romanserie om krigssigla­rane. Vanvitet, krigshelve­tet, er langt på veg det same. Men, Michelet har heile tida eit lys i tunnelen. Det har ikkje Kopperud – og det kjennest vondt og trist.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway