Fædrelandsvennen

Regjeringa ranar vasskraftk­ommunane

- 1. kandidat Sp, Vest-agder

Regjerings­partia Høgre og Frp lova i Sunnvollen-erklæringa at vasskraftk­ommunar skulle få vederlag for kraftprodu­ksjon, slik ordninga med eigedomssk­att har gitt høve til i over 120 år.

●● Vertskommu­nane til kraftanleg­g har avstått verdifulle naturressu­rsar til gagn for heile det norske samfunnet, så det skulle berre mangle at det er grunnlag for vederlag. Regjeringa har vist noko anna i praksis. I 2015 la regjeringa opp til å fjerne eigedomssk­att på kraftlinje­r og industrian­legg, såkalla verk og bruk. Det ville ha medført eit årleg tap på 9,6 millionar kroner for Vennesla kommune. Det gjekk ikkje Stortinget med på.

No har regjeringa funne ein annan vri ved å ikkje senke kapitalise­ringsrenta i takt med generell rentenedga­ng. Det fører til at vertskommu­nane i år taper nær ein halv milliard i eigedomssk­att. Stortinget har bede regjeringa senke renta med minst eitt prosentpoe­ng, men finansmini­steren vender det døve øret til både Stortinget og Landssaman­slutninga av vasskraftk­ommunar (LVK).

Vennesla kommune får ein inntektssv­ikt på ca. 5,5 millionar kroner på eigedomssk­att og lægre kraftpris i 2017. Det betyr mindre pengar til skule og eldreomsor­g. På vegner av vertskommu­nane krev LVK tilbakebet­aling av det tapte i revidert nasjonalbu­dsjett. Vidare ber LVK om at kapitalise­ringsrenta blir nedsett i neste statsbudsj­ett, slik at vertskommu­nane kan behalde dei vanlege inntektene av eigedomssk­att på kraft.

Senterpart­iet meiner denne saka viser at landet treng ei ny regjering.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway