Fædrelandsvennen

Vil legge ned mellomtrin­net

Rådmannen vil legge ned mellomtrin­net på Byglandsfj­ord skule og samle alle born over fjerde trinn på skule i kommunesen­teret Bygland.

- TEKST: ODD-INGE RØNNING ULEBERG odd.inge.uleberg@fvn.no

– Eg har fått i oppgåve å spare inn fire millionar kroner. Då er den løysinga som vil gje minst skadeverkn­ad å kutte i skulen og samle fleire elevar i større einingar i Bygland, seier rådmann Aasmund Lauvdal til Fædrelands­vennen.

I dag er det skule opp til og med sjuande trinn både på Byglandsfj­ord og Bygland. Alle på ungdomstri­nnet går på skule i Bygland.

Leiar i foreldreut­valet ved Byglandsfj­ord skule, Tone Mette Andersen, svarte ikkje på telefon tirsdag kveld, men reaksjonan­e på Byglandsfj­ord skal vere sterke.

KORTARE TIL EVJE

Det går i dag omtrent like mange i dei aktuelle trinna på Byglandsfj­ord som på Bygland.

Det er 19 born som må byrje å reise dei 23 kilometera­ne opp til Bygland. Der er det 22 born i dei tre trinna frå før.

Avstanden til skule på Evje er berre 11 kilometer. Men det er ein annan kommune.

Rådmann Lauvdal seier samanslåin­g på Bygland vil gje ni elevar på femtetrinn, 16 på sjette og 16 på sjuande trinn. Han meiner klasse-storleiken blir god med samanslåin­g.

Forslaget vil spare Bygland kommune for 1,85 millionar kroner i året. Skyssutgif­ter er det fylkeskomm­unen som dekker i all hovudsak.

Ordfører Leiv Rygg (Sp) veit

❞ Me kan ikkje kutte i skulen så drastisk og plutseleg når nye inntekter kan vere like om hjørnet.

LEIV RYGG, ordfører i Bygland kommune

ikkje kor det politiske fleirtalet vil havne. Det blir tydeleg fyrst når formannska­pet skal ha møte torsdag.

VIL VENTE På VINDKRAFT

– Men i Senterpart­iet seier me nei. Me kan nytte oppsparte fond til me veit om Olje- og energidepa­rtementet seier ja til vindkraftv­erket på Hovatn. Svaret i den saka vil kome seinare i år, seier ordføraren.

Hovatn vil venteleg gje meir enn fire millionar kroner ekstra i årleg eigedomska­tt til kommu- nekassa. Då blir det ein heilt annan økonomisk situasjon i kommunen.

– Rådmannen gjer jobben sin. Me har pålagd han å kome med kuttforsla­g. Men me kan ikkje kutte i skulen så drastisk og plutseleg når nye inntekter kan vere like om hjørnet, seier Rygg.

– Men kva viss regjeringa seier nei til Hovatn?

– Då har me ein annan situasjon som eg ikkje kan seie noe om no. Skal me endre i skulen, må det uansett skje etter ein prosess med mykje meir involverin­g og min- dre hastverk enn det som ligg føre no, seier ordførar Rygg.

MANGE FORSLAG

I Valle freista rådmannen å legge ned Hylestad skule og i Iveland freista rådmannen å bygge ned Vatnestrøm skule sist haust. Politikara­ne begge stader nekta. Rygg håper det same vil skje i Bygland.

 ?? ARKIVFOTO ?? Leiv Rygg foran Byglandsfj­ord skule og Årdalshall­en. Han vil sikre skulen, rådmannen vil flytte dei fleste elevane nord til Bygland.
ARKIVFOTO Leiv Rygg foran Byglandsfj­ord skule og Årdalshall­en. Han vil sikre skulen, rådmannen vil flytte dei fleste elevane nord til Bygland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway