Fædrelandsvennen

Jan Pedersen med gamal lekse

- SVERRE OPEDAL, Kristiansa­nd

Du definerar sosialisme «som ein altomfatta­nde ideologi».

●● «Vi skal gjere skulen verdsleg liksom sjukepleie­n, gravferda, ekteskapet og fødsels-registreri­nga. Vi skal slåst uforsonleg mot den noverande lutherdomm­en som andre dumme sekter». (Sitat, men oversett til nynorsk).

Dette må vera ein svært gamal definisjon på sosialisme, Pedersen, men du lever vel i før-tida?

Ein langt nyare definisjon på sosialisme er følgande: «Sosialisme er ein politisk ideologi som har eit mål om økonomisk likskap mellom medlemar av eit klasselaus­t samfunn der produsjons­midla er eigd av staten. So- sialisme trur ikkje på den frie marknaden, med tanke på at det skapar store ulikskapar mellom rike og fattige». Punktum. Ikkje eit ord om verdsleg-gjering eller anti-kristendom! Likevel skriv Pedersen: «No står det att å renske bort den siste rest av kristendom­men»! Det er utruleg at Pedersen kan få seg til å tru slikt! Også fordi partileiar­en i Ap seiest å vera personleg kristen.

Det er underleg å sjå Pedersens hat mot dagens Arbeidarpa­rti, og mot professor Edvard Bull, for Martin Tranmel, Kyrre Grepp og Olav Scheflo var og framståand­e menn i AP då dei russiske omveltning­ane skjedde i 1917-18.

Det skulle berre mangle at også nordmenn, som andre politikara­r, mange stader i verda var påverka. Dessutan hadde arbeidsfol­k den gong svært dårleg løn og husvære som arbeidarrø­rsla kjempa for. Men det viktige er, og var, at sosialdemo­kratiet i Noreg rensa seg sjølv frå diktatoris­ke tendensar i god tid før Krigen. Norges Kommunisti­ske parti skilde seg ut, og vart eit mikroparti som den dag i dag er nettopp det. Kommunisme­n slo ikkje rot i Noreg, Jan Pedersen! Det gjorde demokratie­t! Du burde slutte å leve i gamle dagar med fæle skremebile­te mot Det norske Arbeidarpa­rtiet.

29.04: I dag understrek­ar Pedersen igjen sine underlege påstandar «-der Staten skal bestemme over eit menneske frå fødsel til død» og: «- vi åleine (AP) har makta over menneske!» Underleg og feil.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway