Fædrelandsvennen

Til helheimen med uretten som ligg bak tigginga!

- FR. CHRISTOFOR­OS SCHUFF, Ortodoks prest og artisten Justx

Det kjem sannsynleg ikkje som noko overraskin­g at eg stiller meg kritisk til eit generelt forbode mot tigging, eller eventuelt eit forbode mot å gje til dei som tigg.

Både den røynde historia og ein god del forsking har peika på at tigging ofte er eit symptom på skeiv fordeling i samfunnet, både høgt og lågt. Dette tydar sjølvsagd ikkje at ikkje det finnast dei som misbrukar tilliten hjå menneskjer av godvilje, eller verre, som utnyttar og tenar på dei som i røynda har det verst!

Men for mange, nokre viss livshistor­ier eg personleg kjenner godt til gjennom ei årrekkje, er tigging ein siste utveg frå det som vert opplevd av dei som umogelege levevilkår der dei kjem ifrå. I tillegg til å leve som fattige, med tanke på tilgang til å kunna tena til livsens opphald - altså å ha kjøpekraft til rett og slett å leve – så vert dei fattige ofte utstøytt berre i kraft av det å vera fattige. I ein del land så er berre det å vera «roma» («romfolk»), eller fattig for den del, grunn nok til i praksis å verta utelukka frå til dømes arbeidsmar­knaden. Tilsetjing­ar og lønnsvilkå­r heng ofte ikkje saman med korkje lovverket eller arbeidsret­tar, noko som mange i vestlege land ofte tek for gjeve. Mange minoriteta­r og fattige opplev diverre ofte å verta utstøytt, både frå samfunnet generelt, og forskjells­behandla i arbeidsmar­knaden, verta underbetal­t, eller liknande.

Dei fleste av oss som oppheld oss i eit såpass velståande land har heldigvis aldri måtte oppleva korkje den eine eller den andre av slike belastning­ar! Men slike opplevinga­r av urett, forskjells­behandling, å ikkje lukkast, og maktløyse gjer noko med oss menneskjer, spør du meg. Det fører til fortviling hjå veldig mange, der ein freistar å finn ein eller annan veg som leiar mot ein betre kvardag – men ofte vert det ein eller fleire bomturar på vegen. Dei som allereie er utsette er òg ofte dei som vert offer for utnytting att. Og det er dei som står bak slik utnytting som skal tas, ikkje dei som er allereie har vorte utnytta på dei grovaste måtar!

Å ta bort høvet til å uttrykka den opplevde maktløysa hjå nokre som lev elles under fattige kår ser eg på som ei innskrenki­ng av ytringsfri­domen. For dei religiøse – der dei fleste religionar har ein eller annan form for ei gylden regel, og der det å gje til dei fattige ofte òg er eit påbode – så vert eit forbode mot å gje direkte til enkelte menneskjer i ein vanskeleg tilstand, ei innskrenki­ng av religionsf­ridom. Slike forslag opplevast av meg som lettvinte, som om at om me fekk dei fattige bort frå gatene, så ville kriminalit­eten og utnyttinga forsvinna. Det opplevast som om fattige og tiggarar vert sett på som eit renovasjon­sproblem. Men dei som eventuelt står bak ein del av kriminalve­rksemda har ofte vist seg å vera dei me ikkje ser. Me skal kjempa mot den utnyttinga, høgt og lågt, men å kriminalis­era dei som utnyttast vert berre som å hella salt i såret, i staden for å retta fokus mot det som har ført til såret – nemleg skeivforde­linga og uretten som lev i beste velgåande både her og mange stadar i verda!

Menneskere­ttar finnast av di det å vera menneske er ein verdi i seg sjølv. Me har høyrt gong på gong at alle menneskjer har lik verdi, skal behandlast likt, osv. Men når det kjem til stykket så er me, meg sjølv inkludert, ofte meir opptekne av å forsvara våre eigne «rettar» og å ta vara på vår eigen velstand, i staden for å sjå på det å ta vara på menneskehe­ita som eit fellespros­jekt, noko me skal gjera i lag. Så om det gjeld flyktninga­r, narkomane, funksjonsh­emma, Lgbt-personar, kvinner, menn, romfolk, andre innvandrar­ar eller berre fattige, lat oss stå på deira side, stå for deira rettar som menneskjer. Lat oss jobba mot det som har gjort dei fattige, utstøytte, mobba, utfryste, misbrukte…og jobba for deira rettar, deira vel!

For me er dei og dei er oss… Dei skal me ikkje dra over ein kam, dei skal me vera forsiktige med å døma, for deira skor har me ikkje gått i, deira liv har me ikkje levd… Til helheimen, heller, med uretten!

❞ I ein del land så er berre det å vera «roma» («romfolk»), eller fattig for den del, grunn nok til i praksis å verta utelukka frå til dømes arbeidsmar­knaden.

 ?? ARKIVFOTO: REIDAR KOLLSTAD ?? Dei skal me ikkje dra over ein kam, dei skal me vera forsiktige med å døma, for deira skor har me ikkje gått i.
ARKIVFOTO: REIDAR KOLLSTAD Dei skal me ikkje dra over ein kam, dei skal me vera forsiktige med å døma, for deira skor har me ikkje gått i.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway