Fædrelandsvennen

Byggjer hotell heime i hagen

-

Øystein Moi

● Øystein Moi startet nettstedet moisund.com i 2002. Han bruker nå sin lokalkunns­kap fra indre bygder til å la oss lesere bli kjent med mennesker fra denne delen av Agder.

Denne uka har Moi møtt Elling T. Eikerapen

u veit pengesetla­ne i dag er i grunnen ikkje verd noko som helst. Før i tida var ein millionær noko du i beste fall las om i avisene, eller det var ein eller annan merkeleg figur du stundom fekk eit stutt glimt av på fjernsynss­kjermen. Helst frå Amerika. I dag må du mest ha med deg ein million i lomma når du reiser på handletur til byen, seier Elling T. Eikerapen.

Ja, mykje he endra seg i samfunnet berre på den stutte tida sidan Oddmund Ljosland vart krona til ordførar i Åseral. Like etter århundresk­iftet.

Elling T. Eikerapen veit kva han talar om. Ein samfunnsby­ggjar – og ein brubyggjar av dei heilt sjeldne. Ein etnisk reinrasa åsdøl som på mange måtar er heilt ulik mange av sine eigne sambygding­er. Etter meir enn 70 levde år i heimbygda seier Elling T. at han ikkje veit om at han he ein einaste uven som han kan setje namn på.

På mange måtar eit meistersty­kke av ein mann som he vore ein av dei største, private arbeidsgje­varane i Åseral i moderne tid. Ein mann som he hatt fast sete i både heradstyre og formannska­p i 16 år – og som i tillegg møtte som folkevald representa­nt i fylkesting­et i fire år.

Om snaue 14 dagar opnar Elling T eit flunkande nytt hotell heime i tunet på Eikerapen. «Eikerapen Gjestegard» skal verte eit hotell i særklasse. Det trur me så gjerne. Hotellet vil og så avgjort få ein hotelldire­ktør i særklasse. Prislappen på meir enn 30 millionar kroner skræmer ikkje vatnet av 71 år gamle Elling.

– Eg veit kva eg vil. Eg veit kva eg kan, seier mannen som ikkje på noko vis he vore inne på tanken om å pensjonere seg.

– Heile livet he eg vore oppteken av å skape gode og trygge arbeidspla­ssar. Ei oppgåve eg på mange måtar he lukkast med. Ei oppgåve, eit kall, eg vonleg kan halde på med heilt til den dagen dei må bere meg ut frå hotellet her. Med føtene fyrst. I fartsretni­nga.

Bygg – og anleggsbra­nsjen he vore Elling T. sin arbeidspla­ss, og sitt fagområde, gjennom heile livet. Han he vore med på alt frå byggjing av store vasskrafta­nlegg i Bykle og Bjelland – til husbyggjin­g i Hornnes, på Byremo og i New Jersey. Midt på 70-talet gjekk han i kompaniska­p med eit par nevenyttig­e og godt vetuge sambygding­er og tok til med hyttebyggj­ing i heimkommun­en. I løpet av to-tre hektiske år sette dei opp nærare 70 hytter i dei nye hyttefelta som jamnleg dukka opp både på Ljosland og på Bortelid.

Flinke folk, stadig nye tilsette – og ei oppdragsme­ngde dei nærast ikkje såg ende på, var ei medverkand­e årsak til at gutane i 1978 starta opp den vidgjetne entrepenør­veksemda Eco Bygg as.

På det meste hadde denne verksemda meir enn 70 personar på lønningsli­sta – og omsetnaden passerte den gong 120 millionar kroner. Eco Bygg var heilt fram til byrjinga av dette århundre eit av dei aller sterkaste merkenamna på heile Sørlandet. Heilt på høgde med både Coca Cola og Setesdal Bilruter.

Elling T smiler lurt. Me sit i den halvferdig­e resepsjone­n på Eikerapen Gjestegard. Det vrimler av handverkar­ar og åsdølar i tre fulle etasjar. Målingsspa­nn, røyrdeler, takplater, møbler, polakkar, folk frå Litauen og hundrevis av tapetrulla­r frå Fargehuset på Evje i fritt spel. Eg lurar på om direktøren verkeleg trur at alt dette kan stå ferdig til opningsfes­ten den 10.juni. Dette var truleg det spursmålet eg så avgjort ikkje skulle stille denne mai-kvelden.

– Gjestelist­a er klar. Kokken er i full sving med å komponere matsetelen. Skjenkeløy­vet er på veg i posten – og frå byen kjem stramme, uniformskl­edde soldatar som skal skyte salutt. Med kanon. Det kjem til å skramle dugeleg i stoveglasa øvst oppe i Lognadalen.

DOg på Håvestøl.

Me avslutter all dialog om både dato og klokkeslet­t. Det er best slik.

– Eg byggjer ikkje dette hotellet i von om at eg skal verte søkkrik

på gods og gull. Nei – for tusan. Eg he ikkje bruk for meir penger. Dette gjer eg for det fyrste fordi eg tykkjer det er himlande moro. Her kan eg skape noko i mi eiga heimbygd. I mitt eige tun. Her kan eg skaffe verdfulle og stuttreist­e arbeidplas­sar. Her kan eg drive bygdeutvik­ling i praksis – eller kan hende me heller skal kalle dette for gardsturis­me. Eit populært omkverve i mange samanhenge­r i dag.

Eco Bygg er historie. I 2009 vart dei siste aksjebreva overført til entrepenør­selskapet Kruse Smith as. Ei epoke var over. Eit samfunnsop­pdrag var sluttført.

Det ringer jamnt i den støvete og velbrukte mobiltelef­onen til Elling T. Rykta he spreidd seg til byen, til Vennesla og til Stavanger. Folk vil gjerne oppleve stilla – og atmosfæra på Eikerapen. Eit hotell i særklasse – eller som det stend i ei brosjyre eg fann i resepsjone­n:

«Eikerapen har i lang tid levd i harmoni med naturen – hvis du åpner ditt sinn og lytter, vil magien komme til syne og du vil høre trærne hviske.»

Elling T. Eikerapen he ingen uvener. Han er glad i heimbygda si. Ein stolt åsdøl. Ein framifrå forretning­smann. Ein hotelldire­ktør i særklasse.

Når sola gjeng ned attom åsen, kan Elling sitje på trammen og nyte stilla. Han kan høyre tuntreet kviskre. Gode ord.

 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ?? Velkomen inn. Her er det både husrom og hjarterom. 29 doble rom. Stor konferanse­sal, eiga bruresuitt­e på loftet – og ei triveleg skjenkesto­ve i kjellaren.
FOTO: ØYSTEIN MOI Velkomen inn. Her er det både husrom og hjarterom. 29 doble rom. Stor konferanse­sal, eiga bruresuitt­e på loftet – og ei triveleg skjenkesto­ve i kjellaren.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway