Fædrelandsvennen

Olavsrosa skal henge i Sølvgarden

- ODD-INGE R. ULEBERG

Inger og Trygve Rysstad på Sølvgarden har fått Olavsrosa for framifrå kulturarbe­id innan sylvsmedfa­get.

– Sjølvsagt er me stolte, seier Trygve Rysstad.

I grunngjevi­nga frå Norsk Kulturarv heiter det:

«Sølvgarden på Rysstad får Olavsrosa for handlingsb­oren vidareføri­ng av sylvsmedtr­adisjonen i Sylvsmia». – Me har over 200 smedar i slekta, eg og Inger, seier Trygve Rysstad, som ser fram til den store festmiddag­en 27. juni.

Då kjem leiar i kulturkomi­teen på Stortinget, Svein Harberg, og representa­ntar frå Norsk Kulturarv for å dele ut Olavsrosa.

Olavsrosa er det leiande varemerket for opplevings­tilbod med basis i den norske kulturarve­n.

Det er berre fire andre verksemder på Sørlandet som har fått utmerkinga.

Dei er Heddan Gard i Hæbebostad, Det lille hotel i Risør, Damskipet Bjoren og Setesdalsb­anen.

Nå blir Sølvgarden den 120. reiselivsv­erksemda i landet som får rosa. Det meiner Leonhard Jansen ved Setesdalsm­useet er særleg fortent.

– Trygve Rysstad er åttande generasjon smed og tredje generasjon sylvsmed. I Sølvgarden ligg sylvsmia og verkstaden som ein integrert del som turistane kan sjå på, seier Jansen.

Trygve Rysstad starte med sylv i tiårsalder­en. Sylv var noko alle i huset kunne drive med, og før var det vanleg at borna jobba mykje saman med dei vaksne i sylvsmia.

På Rysstadmo har det budd smedar i over tusen år. På 1800-talet tok sylvsmed-tradisjone­n med filigranss­ylv verkeleg av, men det har blitt laga sylv på Rysstad i minst 300 år.

– Allstøtt har folket på Rysstad drive mangesysli­ng for å få skrapa saman ei inntekt. Difor var det vanleg at heile familien dreiv med sylv i saman med gardsdrift eller vanleg smie – akkurat slik ekteparet Rysstad nå driv med både reiseliv og sylv, seier Jansen.

 ?? FOTO: PRIVAT ?? Inger K. Rysstad og Trygve Rysstad i sylvsmia i Sølvgarden på Rysstad.
FOTO: PRIVAT Inger K. Rysstad og Trygve Rysstad i sylvsmia i Sølvgarden på Rysstad.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway