Fædrelandsvennen

Kosovo – frå politisk kaos til val

Den 11. juni skal det veljast ny nasjonalfo­rsamling i Kosovo. Valet kjem eitt år før ordinær valperiode er ute. Ein kaotisk politisk situasjon sidan 2015 kulminerte med mistillit mot regjeringa i parlamente­t 10. mai i år.

-

Opposisjon­en hadde tatt sterke middel i bruk både i og utanfor nasjonalfo­rsamlinga. Under ein demonstras­jon blei parlaments­bygninga påtent. I møtesalen blei det fleire gonger avfyrt tåregassgr­anatar. Statsminis­teren var blitt møtt med laserlys og bombardeme­nt av vatn og egg, når han entra talarstole­n.

Den aktuelle politiske situasjone­n i landet avspeglar utviklinga i Kosovo sidan 1990-talet. NATo-bombinga i 1999 gjorde slutt på den serbiske kontrollen med provinsen. Kosovo skulle styrast av FN som eit protektora­t, i samarbeid med EU og NATO. Første parlaments­val blei halde 2001. I 2008 erklærte Kosovo seg sjølvstend­ig. Landet med sine 1,9 millionar innbyggara­r er i dag anerkjent av 113 av dei 198 medlemslan­da i FN, samt 23 av 28 EUland, men er ikkje Fn-medlem.

NATO har framleis sin KFORstyrke i landet. Eu-organisasj­onen EULEX overvakar den juridiske situasjone­n. osovo er eitt av dei fattigaste landa i Europa. Internasjo­nale pengeoverf­øringar utgjer store delar av statsinnte­ktene. Minst ein tredel av befolkning­a lever under fattigdoms­grensa på 1,55 euro per

Kdag. Den generelle arbeidsløy­sa er oppgitt til 33 %, blant unge over 50 %. I løpet av fire månader 2014–15 søkte 50.000 kosovarar (tilsvarand­e 3 % av befolkning­a) asyl i Vest-europa. Andrea Lorenzo Capussela, som 2008–11 var leiar av økonomiavd­elinga i det internasjo­nale tilsynsorg­anet for sivil administra­sjon i Kosovo, gav i 2015 ut boka «State-building in Kosovo: Democracy, Corruption and the EU in Balkans». Han meiner Vesten og spesielt EULEX har mislykkast grovt i arbeidet for oppbygging av eit berekrafti­g samfunn i Kosovo. Særleg har det svikta i kampen mot omfattande korrupsjon og organisert kriminalit­et. edlemskap i EU står høgt på ønskelista til den unge staten. I 2013 blei det i Bryssel inngått ein overeinsko­mst om normaliser­ing av forholdet mellom Kosovo og Serbia. Den skulle vere eit første steg på vegen mot Eu-medlemskap for begge statane. Bryssel-avtalen er ratifisert av parlamente­t i Kosovo. Den aktuelle politiske uroa er knytt både til oppfølging av denne avtalen og til andre overeinsko­mstar regjeringa har inngått etter press frå omverda, spesielt EU. Éin konsekvens av Brysselavt­alen skulle vere oppretting av ZSO, eit forbund for kommunar

Minst ein tredel av befolkning­a lever under fattigdoms­grensa på 1,55 euro per dag.

Mder Kosovos serbiske minoritet er i majoritet. Forbundet vil innebere auka makt til lokale styresmakt­er for dei fire serbisk-dominerte kommunane nord i landet og seks serbiske enklavar lengre sør. Hittil har opposisjon­en klart å forpurre implemente­ringa av ZSO. Det neste stridspunk­tet er avtale med EU om ein spesialdom­stol for saker der medlemmer av den tidlegare albanske geriljahær­en UCK er mistenkt for forbryting­ar 1999–2000. Det er snakk om drap, valdtekter og bortføring­ar så vel som andre overgrep mot serba- rar, andre minoriteta­r og politiske opponentar. Domstolen skal ha sete i Haag, av omsyn til vern av vitne, men skal baserast på lovgivinga i Kosovo. Tidspunkte­t for oppretting av domstolen er fleire gonger blitt forskyve. en siste konflikten, den som resulterte i at regjeringa måtte gå, gjeld avtale om grensedrag­ing mellom Kosovo og Montenegro. Opposisjon­en hevdar at åtte hektar land er gitt bort til nabolandet. Dei største partia har samla seg i to alliansar før nyvalet. Det serbiske nyhendebyr­ået Beta har omtalt dei to blokkene som respektive «krigsfløye­n» og «koalisjone­n for fred». Parti i den første er leia av Uck-veteranar, medan toppperson­ane i den andre har sivil bakgrunn. Det største partiet i «krigsfløye­n» er Kosovos demokratis­ke parti (PDK), leia av Hashim Tachi, tidlegare statsminis­ter og president, som har vore skulda for samband til organisert kriminalit­et. Det nest største partiet i denne blokka er Alliansen for Kosovos framtid (AAK). Leiaren her, Ramush Haradinaj, var statsminis­ter ein kort periode 2004–05. Han blei av den internasjo­nale straffedom­sstolen for det tidlegare Jugoslavia tiltalt for krigsforbr­ytingar utførte i 1998, men vart frikjent etter mangel på

Dbevis. Han er nå gjennom Interpol etterlyst frå Serbia for brotsverk i 1999. Haradinaj blei fengsla i Frankrike i januar i år med tanke på utlevering til Serbia, men lauslaten etter tre og ein halv månad. Frigivinga vart grunngitt med omsyn til potensielt alvorlege konsekvens­ar av utlevering. Ved heimkomste­n blei han mottatt som helt og martyr. et største partiet på «fredssida» er Kosovos demokratis­ke liga (DLK), grunnlagt av legendaris­ke Ibrahim Rugovo, den første presidente­n i Kosovo, som døde i 2006. I motsetning til UCK stod han på 1990-talet for ei ikkje-valdsline og blei omtalt som «Kosovos Gandhi». Nåverande leiar i DLK er den nyleg avgåtte statsminis­teren Isa Mustafa. Valdeltaki­nga i Kosovo har brukt å ligge lågt. Ved parlaments­valet i 2014 var den 41 %.

Kven av blokkene som klarer å mobilisere flest potensiell­e heimesitta­rar til å møte fram i vallokala, kan bli avgjerande for resultatet. Utfallet kan få stor betydning ikkje berre for Kosovo, men også for stabilitet­en i regionen.

DKRISTIAN HAGESTAD

 ?? FOTO: NTB SCANPIX ?? Møte i Kosovos nasjonalfo­rsamling etter tåregassåt­ak frå opposisjon­en i februar i fjor.
FOTO: NTB SCANPIX Møte i Kosovos nasjonalfo­rsamling etter tåregassåt­ak frå opposisjon­en i februar i fjor.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway