Fædrelandsvennen

God krim frå Hardanger

- BJARNE TVEITEN

KRIM Skinnet bedrar

Agnes Lovise Matre Gyldendal fleire personar i lokalsamfu­nnet, til dels med kriminell fortid. Syster til Anders, Ina, 12 år gamal, prøver å gøyme bort at faren er valdeleg, at han drikk tett, i det heile er ein dritsekk og heilt ueigna som far. Enkelte vil kanskje meine at han er overflatis­k skissert. Eg har kjent eit par menn som til forvekslin­g liknar Gulliksen, og let det vere med det.

Eg hadde kanskje venta fleire naturskild­ringar i ei bok lagt til det vakre sommarhard­anger, men dei som har fått plass er fine. Personleg synst eg at pressekrit­ikken, særleg av VG og TV2 er krassare enn nødvendig. Alt i alt er «Skinnet bedrar» ein god krim – med ein forrykande og overraskan­de slutt.

Plottet er heilt greitt, utan å vere direkte nyskapande. Alle dei sentrale hovudperso­nane har sine traume å streve med, men eg synst den mest heilstøypt­e er 12-åringen Ina. Ho fun- gerer i praksis som både mor og storesøste­r for veslebror, ho passar husarbeid og matstell, og tek på seg ansvar langt utover det ein 12-åring skal ha. Samtidig greier forfattare­n å få fram barnet i henne også, i det heile tatt er teikninga av Ina skriftleg portrettku­nst i øvste divisjon.

Nokre i det ganske store persongall­eriet er så perifere at dei gjerne kunne ha blitt tekne ut, men eg sit med ei kjensle av at dei kanskje er tekne med for å spele meir sentrale rollar i komande bøker. Ja, eg kjenner meg tolleg trygg på at forfattare­n har fleire bøker til på beddingen, og så det er sagt, eg ser fram til å følgje Matre vidare.

Gyldendal har valt å presentere bøkene til ekteparet Agnes Lovise Matre og Geir Tangen saman. Det er kona som definitivt kjem best ut.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway