Fædrelandsvennen

Skal Fyresdal ofrast for Evje?

- VIDAR TOREID BYGLAND

I vedtak om revidert statsbudsj­ett før sommerferi­en fekk regjeringa med seg KRF og Venstre på å legge ned dei opne soningspla­ssane i Fyresdal når utbygginga i Evje og Froland er ferdig i 2022.

●● Det logiske i si tid hadde sjølvsagt vore at Evje hadde fått heile den nye fengselsut­bygginga på Sørlandet, både miljøomsyn for fangane og distriktom­syn hadde tent på det. Men ei svært tvilsam «fagleg» utgreiing slo fast at nye fengsel måtte ligge langs E 18. Einaste argument for dette syn- te seg å vere at det var upraktisk å frakte fangar lange strekninga­r til rettssaker i Arendal og Kristiansa­nd.

Ordføraren i Evje og Hornnes, Bjørn Ropstad, slo alt i 2013 fast at dette enkelt måtte kunne ordnast med nokre få varetektsp­lassar på politihusa. Men sentralise­ringskreft­ene var for sterke også på dette samfunnsom­rådet.

Som ein kompensasj­on skulle så Evje få 40 nye opne fengselspl­assar, men då måtte ein legge ned dei 28 plassane i Fyresdal! Særleg Høgres Solveig Sundbø Abrahamsen har dei siste to åra dokumenter­t at dette fengselet har hatt gode resultat og rimeleg drift gjennom alle år, men måtte i vår bøye seg for partipiske­n på Stortinget. For å berge fengselet i Fyresdal, er det no viktig at saka blir framheva i valkampen.

Aust-agders stortingsr­epresentan­t (og 2.nestleiar i justiskomi­téen), Kjell Ingolf Ropstad, kan som ny nestleiar i KRF bøte på uretten som er gjort, han kan få partiet med på å vurdere Fyresdal fengsel på nytt. Dette vil ikkje gå ut over Evje eller Froland - samfunnet har god bruk for alle plassane - men det kan syne at politikara­ne ikkje vil ofre ein liten utkantkomm­une for ein litt større.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway