Fædrelandsvennen

25 år siden

-

13. JULI 1992

●● – Det gjer ikkje noko kor mykje det regnar, berre fela let! Dei var til fulle optimistar, tilskipara­ne av årets tradisjone­lle Setesdalss­temna. Mykt og tett skylag jog over himmelen på Ose i går ettermidda­g, og berre få minutt før det heile starta, kom dei første tunge regndråpan­e. Men det vart til alt hell med dette. Dermed kunne alt gå etter programmet slik at ein slapp å trekkje innomhus. Stemnedage­ns høgdepunkt var utdeling av målprisen. Den gjekk i år til Anne Karin Kaasa, for få år sidan ei vanleg skulejente i Bygland, i dag landskjend for sin vene song. Ho var med i årets norske Grand Prix-finale, der det var sjølvsagt at songen vart framført på nynorsk.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway