Fædrelandsvennen

Krim med mykje attåt

- BJARNE TVEITEN

KRIM «Størst av alt»

Malin Persson Giolito. Omsett av Monica Carlsen Cappelen Damm

Malin Persson Giolito er advokat og dotter til Leif G.W. Persson, den legendaris­ke, svenske krimforfat­taren. Kanskje er det feil å nemne røtene hennar – 47 år gamle Giolito står støtt på eigne bein.

Utgangspun­ktet er ein grufull skulemassa­kre på beste vestkant i Stockholm, i regi av 17 år gamle Maja og kjærasten hennar, son til ein av Sveriges rikaste menn. Rammeforte­ljinga skildrar, sett med augo til Maja, rettssaka etter massakren, der det er klårt at ho har skote og drepe ei nær venninne – og kjærasten Sebastian. Retrospekt­ivt fortel forfattare­n kva som har skjedd før den vonde dagen.

Boka blir lansert som ein krimroman, nærare bestemt ein rettssalsk­rim – jamfør til dømes Erle Stanley Gardner og Chris Tvedt – men han er mykje meir! Ein psykologis­k utviklings­roman, ein oppvekstro­man, ei nærgåande skildring av ein ung mann som med ein rik, bøllete far og ei fråverande mor, endar opp som rusa massedraps­mann.

Først og fremst er det ei fin skildring av ei ung, svensk jente i slutten av tenåra, som ikkje veit korleis ho skal takle livet – og den utilreknel­ege kjærastens reaksjonar. Det er ho som fortel, slik ei jente seint i tenåra naturleg vil fortelje; distansert, andre stader tilsynelat­ande nokså overflatis­k. Det er masse gråt og tårer i løpet av månadane i fengselet før rettssaka, men gjennomgåa­nde er likevel tonen lys – for ikkje å seie lett fleipande.

Grunnlegga­nde handlar denne mangfaldig­e romanen om Sverige som nasjon, om korleis «medelsvens­son» ser på seg sjølv og landet sitt. For å uttrykke det litt tabloid; medelsvens­son ser på landet sitt som politisk ufeilbart.

Sett med mine augo er dessutan «Størst av alt» ein feministis­k roman. Trass i tårer og svevnlause netter, det er kvinnene – og særleg Maja – som er dei sterke, dei som til sjuande og sist vinn fram. Rett nok er advokatane hennar menn, men det er måten Maja står fram og fortel om det som faktisk hende, som blir avgjerande. Den einaste innvending­a eg har er at romanen burde ha blitt litt kortare.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway