Fædrelandsvennen

Ørekyte erobrar Otra

Den svartelist­a ørekyta spreier seg i Otra og vil snart ha erobra vassdraget heilt ned til Kristiansa­nd. Helst skulle fisken vore utrydda frå elva, men ingen veit korleis ufisken skal stoppast. Ørekyte kan spreie parasittar og konkurrere­r om den same mate

- TEKST: KJETIL REITE kjetil.reite@fvn.no

– Vi prøvde å fiske den opp, men det var utan resultat. Vi tok opp fleire hundre kilo, opptil 800 liter på eit år, men det var heilt nyttelaust. Det var like mykje igjen av den, seier Toralv Andersen som er busett på Rysstad.

Otravassdr­aget er ein av stadene der framande artar trugar etablerte fiskeartar som aure og laks. Der har den framande arten ørekyte breidd seg i vassdraget. Dette er ein svartelist­a art som aller helst skulle vore utrydda frå Otra.

– Denne kom hit på grunn av at nokon har brukt den som levande agn. Annan forklaring finst ikkje. Så har dei kanskje kasta uti dei fiskane dei ikkje fekk brukt og dermed har fisken formert seg, seier Andersen.

For nokre år sidan gjekk grunneigar­ar langs Otra saman og organisert­e ei oppfisking av småfisken. Men det dabba gradvis av då ein såg at det ikkje har nokon effekt. For fire–fem år sidan gav dei opp. Når Toralv Andersen og Tor Moseid trekker ei ruse med ørekyte ved Sandnes sør for Valle, er det for å vise Fædrelands­vennen korleis den ser ut.

VIL SPREIE SEG

Fylkesmann­en har laga planar for korleis ein kan stanse framvekste­n av svartelist­a artar i Ag- der. Nyleg vart planen for VestAgder publisert. Dette er dyr og plantar som ikkje høyrer heime i Agder og som kan ta over inn- sjøar, hav og landskap. Uønska planter kan ein sprøyte og luke bort. Det same kan ein ikkje gjere med fisk.

– Vi har ingen fornuftige metodar for å stanse den. Har du ein hofisk og ein han-fisk så har du spreiinga, seier Frode Kroglund, seniorrådg­jevar hjå fylkesmann­en i Aust- og Vest-agder.

Nokre stader er det brukt rotenon for å reinske vassdrag, men det er gjerne på korte strekk. Det er nyttelaust i eit langt vassdrag som Otra. Der kan også ørekyta lett stikke seg bort i ein sidebekk.

– Det er berre eit tidsspørsm­ål før ufisken er i heile Otra og den vil nå heilt ned til den lakseføran­de delen av vassdraget. Det er ikkje heldig, men det er dessverre vanskeleg å bli kvitt fisk som er sett ut, seier Kroglund.

FLEIRE PROBLEM

I tillegg til å følgje med på ørekyta, blir det nå også undersøkt også om gjedda er komen til Byglandsfj­orden etter at ei gjedde vart funnen på land tidlegare i år.

Båe desse fiskane kan fortrenge andre artar. I Byglandsfj­orden vil det gå ut over den sjeldne laksefiske­n bleke som berre finst her.

– Bleka vil ikkje bli utrydda, men dei framande artane kan øydeleggje veldig mykje. Ørekyta beiter på mykje av det same som bleka og auren. Den blir ein næringskon­kurrent og det går ut over veksten til andre artar. Andre fiskar vert små og uinteres- sante som mat, seier Kroglund.

Han legg til at nokre stader lever ørekyta greitt saman med andre artar. Dette varierer frå stad til stad.

Ørekyta kan også vere bærar av parasittar. I deler av Otra er parasittan­e eit så stort problem at fisken ikkje er interessan­t som matfisk. Men det er usikkert kva rolle ørekyta har spelt for å spreie parasittan­e.

– Slik såg fisken ut før, seier Tor Moseid og viser fram eit bilete frå 1993 der auren har raudt kjøt.

– Men nå er det ingen som orkar å ete den lenger på grunn av parasittan­e. Du mister eigentleg matlysta før du rekk å legge den på steikepann­a, seier han.

 ?? FOTO: KJETIL REITE ?? Tor Moseid trekk opp ei ruse ved Sandnes sør for Valle. Men det er berre for å vise Fædrelands­vennen korleis ørekyta ser ut. Tor Moseid og Toralv Andersen var tidlegare aktive med å fiske opp ørekyte og var eit år med på å dra opp 800 liter. Men...
FOTO: KJETIL REITE Tor Moseid trekk opp ei ruse ved Sandnes sør for Valle. Men det er berre for å vise Fædrelands­vennen korleis ørekyta ser ut. Tor Moseid og Toralv Andersen var tidlegare aktive med å fiske opp ørekyte og var eit år med på å dra opp 800 liter. Men...
 ?? FOTO: PRIVAT ?? Aure fanga i Otra ved Valle på 90-talet. Slik fangst er uvanleg i dag.
FOTO: PRIVAT Aure fanga i Otra ved Valle på 90-talet. Slik fangst er uvanleg i dag.
 ?? Foto: kjetil reite ?? Tor Moseid (t.v.) og Toralv Andersen frå Valle kjempa hardt med rusefangst for å utrydde ørekyta, men har gjeve opp.
Foto: kjetil reite Tor Moseid (t.v.) og Toralv Andersen frå Valle kjempa hardt med rusefangst for å utrydde ørekyta, men har gjeve opp.
 ??  ??
 ?? FOTO: PRIVAT ?? Mykje av fisken i den delen av Otra som renn gjennom Valle har parasittar og er lite eigna til mat. Ørekyta tek med seg parasittar, men det er usikkert kva rolle den spelar i å spreie parasittar i Otra.
FOTO: PRIVAT Mykje av fisken i den delen av Otra som renn gjennom Valle har parasittar og er lite eigna til mat. Ørekyta tek med seg parasittar, men det er usikkert kva rolle den spelar i å spreie parasittar i Otra.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway