Fædrelandsvennen

Bygger ut 300 nye senger i Setesdals fjellheim

- TEKST: KJETIL REITE kjetil.reite@fvn.no

På Hovden Fjellstoge skal gamle hytter bort og det skal investeras­t for 250 millionar i nye hytter og leilighete­r.

– Dette vil opne heilt nye marknader for oss. Vi er lite inne i forretning­smarknaden i dag, og har berre åtte vanlege hotellrom, seier Ann-torill Briksdal som driv Hovden Fjellstoge saman med ektemannen Roy Bakke.

Dei to overtok drifta av Hovden Fjellstoge i 2010, og nå har utbygginga i området rundt starta opp. På sikt skal det byggast ut for 250 millionar. Dei gamle hyttene skal sanerast og erstattast med nye hytter og leilighete­r.

Halvparten vert selt som vanlege hytter, medan resten vert næring. Det vil innebere mellom 300 – 350 nye gjesteseng­er på Hovden Fjellstoge. Dei fleste i leilighete­r.

– Det er mange senger på Hovden i dag, men det er kanskje ikkje dei rette type senger. Mykje dreiar seg om å tilby rett type overnattin­g, seier Roy Bakke.

LANGSIKTIG MÅL

Hovden Fjellstoge vart kjøpt opp av investor Tore Gustav Drivenes i 2007. Drifta er samla i eit eige selskap som Drivenes eig samen med Ann-torill Briksdal og Roy Bakke.

– Vi hadde ikkje nokon plan om å flytte til Hovden, men så fekk vi sjansen til å få vere med å utvikle dette prosjektet. Då bestemte vi oss for å flytte, seier Ann-torill Briksdal.

Dei to har begge bakgrunn innan reiseliv og har hatt ulike jobbar i Kristiansa­nd og Oslo.

Hovden Fjellstoge omfattar i dag også drifta av kafèen Stump & Vatn i Hovden sentrum, friluftsom­rådet Hegni og igloar med matserveri­ng vinterstid. Verksemda omsette for ti millionar i 2016. Inntektene er like store i vinterseso­ngen som i sommarseso­ngen, sjølv om Hovden ikkje har markert seg som sommardesi­tnasjon på same måte som til dømes Gol og Trysil.

– Vi må ikkje undervurde­re dei omgjevnade­ne vi bur i. Det å kunne gå der ein vil og puste i frisk luft er ein stor kvalitet for mange, seier Roy Bakke.

NYE SENGER

Planane for Hovden Fjellstoge går tilbake til 2007. Nå er første byggetrinn i gang og det skal byggast 13 hytter som skal selgast til private.

– Dette er ein indrefilet. Du er tett inn på villmarka og det skal ikkje byggast noko anna i dette området. Nærmaste nabo her er naturreser­vat, seier Ann-torill Briksdal.

Detaljregu­leringa for området vart vedteken av kommunesty­ret i Bykle like før sommaren. Totalt vert det opna for å bygge 154 nye einingar fordelt på 32 bygg.

 ?? FOTO: GOD DRIV AS ?? Slik skal det bli ved Hovden Fjellstoge. Halvparten vert selt som vanlege hytter, medan resten vert næring.
FOTO: GOD DRIV AS Slik skal det bli ved Hovden Fjellstoge. Halvparten vert selt som vanlege hytter, medan resten vert næring.
 ?? FOTO: KJETIL REITE ?? Ann-toril Briksdal og Roy Bakke driv Hovden Fjellstoge øvst i Setesdal. Nå er arbeidet med nye hytter og leilighete­r i gang ved fjellstova.
FOTO: KJETIL REITE Ann-toril Briksdal og Roy Bakke driv Hovden Fjellstoge øvst i Setesdal. Nå er arbeidet med nye hytter og leilighete­r i gang ved fjellstova.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway