Fædrelandsvennen

«En kirkelig homoprofet­i»

- KJELL FARESTVEIT, pensjonert prest

Journalist Bjørn Markussen sin laurdagsko­mmentar påkallar nokre merknader.

Han plasserer seg i god avstand frå, og høgt over det landskapet han kikkar ned på, og så kjem han med sine merknader, i ein for meg lett ironisk tone. Men la oss flytte oss inn i eit litt anna landskap, og setje oss saman, og samtale rund bordet der vi ser kvarandre i augo med ynskje om å dele tankar og forstå meir enn å propagande­re for eigne synspunkt.

Om vi så legg FN’S barnekonve­nsjon på bordet, og les saman passusen om eit barns rett til både å kjenne mor og far, og helst vekse opp med dei begge. Kva tankar om barnet, om menneskele­g liv og utvikling er det som her ligg til grunn? Og kvifor er grunnane så viktige at ein vil forplikte medlemslan­da til å respektere dei? Markussen siterer Bibelen, og vi kunne leggje den ved sida.

Mykje samsvarar når det gjeld eit barns rettar, og det som skal til for å gje eit barn eit godt liv. Ikkje minst det fjerde bodet slær ein ring rundt mor, far og born, Vi kunne vel og invitere inn ein eller annan person som lever med saknet av å ikkje kjenne far eller mor, slike som programma med ‘Tore på sporet’ gjev oss mange gripande skildringa­r av. Då kjem ekteskapsl­ova der ein kalkulerer inn farlause born, i eit litt anna lys.

«Kva er då eit menneske» spør Salme 8 i Bibelen. Eit djupt filosofisk spørsmål som har oppteke tenkjarar til alle tider. Det er ikkje vanskeleg å finne bøker å leggje på bordet, tenkjarar som prøver å trengje inn til livet sine djupe løyndomar kring mennesket, og forhold mellom menneske, slik som t.d. Martin Buber gjer det i sin eg-du-filosofi. Møtet mellom eg og du er kvalitativ­t annleis enn møtet med eit ‘det’. Å omgjere far til eit produkt, rører ved synet på mennesket. Far blir så å seie degradert frå det å vere eit menneske med ansikt, historie, kjensler, ja levt liv, til eit det, eit produkt som er katalogise­rt med hudfarge, kroppsstor­leik, evnenivå og kva det er alt saman, og sikra mot sjukdom og genfeil.

Vi har alt sett omtala sakar der produktet ikkje var etter spesifikas­jonane. Kva forståing av mennesket botnar dette i? Kanskje vi på nytt kunne hente fram bibelboka med Jesu sterke tale om å barnet, og vårt ansvar for at vi ikkje fører vill, og ordet ,som ein far miskunnar borna sine’, og ikkje minst spørsmålet: ‘kan ei kvinna gløyma sitt diande barn?’ Å tilkjenne to vaksne personar rettar som samstundes tek frå barnet viktige relasjonar som er avgjerande for liv og utvikling, treng nok ei djupare gjennomten­king enn det Markussen sin kommentar legg opp til.

Eg har ei sterk kjensle av at ein både i kyrkjelege samanhenga­r og i den meir allmenne debatten ikkje vågar å ta på alvor barnet sin situasjon, og feste tankane i ei djupare forståing av det å vere menneske. Ikkje i homofilide­batten, og visseleg ikkje i abortdebat­ten.

❞ Eg har ei sterk kjensle av at ein både i kyrkjelege samanhenga­r og i den meir allmenne debatten ikkje vågar å ta på alvor barnet sin situasjon.

 ?? FOTO: NTB SCANPIX ?? Å tilkjenne to vaksne personar rettar som samstundes tek frå barnet viktige relasjonar som er avgjerande for liv og utvikling, treng nok ei djupare gjennomten­king enn det Markussen sin kommentar legg opp til, skriver innsendere­n.
FOTO: NTB SCANPIX Å tilkjenne to vaksne personar rettar som samstundes tek frå barnet viktige relasjonar som er avgjerande for liv og utvikling, treng nok ei djupare gjennomten­king enn det Markussen sin kommentar legg opp til, skriver innsendere­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway