Fædrelandsvennen

Om menneskere­ttar, ytringsfri­dom og likehandsa­ming for lova

Dette er ikkje eit forsvar for lova som sådan, men ein tankekross om korleis lova frå tid til anna vert iverksett – eller ikkje.

- CHRISTOFOR­OS SCHUFF, menneske, prest enn så lenge, teolog, musikar, lovbrytar

Menn eske rettskonve­nsjonene rein del av norsk lov, og for min del skal han ha ei overordna stilling i høve til resten av lovverket. Kall dette ei dumsnill tru på overordna prinsipp, om du vil, men for meg trumfar artiklane der lokale, regionale og nasjonale lover – slike skal først og framt utarbeidas­t i tråd med konvensjon­en.

Eit av desse overordna prinsippa er ytringsfri­dommen, der det vert fastslått i artikkel 19 og 20 at: «Alle skal ha meinings- og ytringsfri­dom. Denne retten gjeld fridom til å ha meiningar utan innblandin­g, til å søkje, ta imot og gjere kjent opplysning­ar og idear gjennom alle dei informasjo­nskanalar som finst, og på tvers av alle grenser.» og vidare at: «Alle har rett til fritt å vere med på møte og i organisasj­onar med fredelege formål.» I den engelske utgåva står det om: «the right to freedom of peaceful assembly», noko som sett i samanheng med artikkel 19 gjeld òg fredelege demonstras­jonar, slik eg tolkar desse.

I Noreg skal ein søkja om løyve for å halda ein demonstras­jon eller marsj i det offentlege rom. Når eg og eit handfull andre menneskjer valte å ikkje søkja løyve for å sitja på graset utanfor Stortinget i April 2016, i protest mot regjeringa­s brott på menneskere­tt ar, barnekonve­nsjonen og asylretten, var dette eit medviten val. For min del vil eg argumenter­a at det å måtte søkja løyve frå myndigheit­a for å protestera mot myndigheit­a er eit brott på ytringsfri­dommen i seg sjølv. Men, greitt, eg forstår at ikkje alle vil sjå på det på same måte. Samstundes forstår eg at det kan vera sikkerheit sm e s sige grunnar for at politiet vil vera synlege ved enkelte markeringa­r for å hindra utbrott av vald, osv. I vårt tilfelle var det neppe grunnlag for mistanke om ufredelege formål eller utartingar. Me var totalt syv menneskjer som satt på graset med symbol som gjaldt flyktningk­risa – redningsve­st, handlagde skilt, eit lite telt som symbol for dei tusenvis av menneskjer og born som levde då og til den dag i dag i små kampingtel­t rundt omkring i flyktningl­eir i Sør-europa fordi

Det som hendte i Kristiansa­nd 29. juli var at politiet gav etter for frykt.

velståande land som Noreg ikkje vil ta imot fleire. I staden lev desse menneskja under elendige forhald medan me ser den andre vegen. For den markeringa, som varte i mindre enn ein halvtime, vart eg og seks andre arrestert og satt inn på glattcella. Eg valte å ikkje vedta bota av prinsipp og dermed måtte i retten der eg vart dømd til ei bot på kr. 10.000 eller 22 dagar i fengsel. Heilt sidan då har eg i motsett meg dommen og bota både skriftleg og munnleg, først gjennom å anka dommen til lagmannsre­tten, viss anke vart avvist, og deretter gjennom å påklaga bota til Statens innkreving­ssentral.

Som ein del av min ytringsfri­dommen har eg heller ynskja å gå i fengsel enn å betala bota. Nyleg, når eg nett var komen attende frå Hellas, venta det meg eit brev der det sto at det hadde vorte tvangsinnk­revd litt over kr. 13.000, dvs. bota pluss gebyr og rente for å ha nekta å betala bota. Eg får sjå kva eg skal gjera vidare med den saka, men dette ser eg òg på som eit brott på ytringsfri­dom, ettersom eg ser på det å nekta å vedta ei bot som ei ytring i seg sjølv og ein protest mot myndigheit­a – ei myndigheit og regjering som har ein del fleire alvorlege lovbrott på samvitet, ikkje berre i høve til asylantar og asylborna, men like alvorleg i høve til norsk våpenekspo­rt... Men, men…tydelegvis er ikkje overordna prinsipp noko alle er like opptekne av... I høve til ytringsfri­dom generelt vil eg forsvara at òg mine meiningsmo­tstandarar skal kunna halda demonstras­jonar ang. ting som eg er i usemje med dei om sjølv… så lenge dette har «fredelege formål» og utartar seg på fredeleg vis. Og eg og deira motstandar­ar lyt ha same høve til på fredeleg vis visa vår motstand mot deira haldningar og handlingar – eller heller for det me står for: likeverd og inkluderin­g av alle, uansett opphav, kjønn, religion, politisk ståstad, hudfarge eller seksualite­t.

I utgangspun­kt har eg respekt for enkelte i politiet på Sørlandet og eg har hatt eit godt samarbeid med dei dei siste åra, tross min motstand mot ein del instruksar frå Justisdepa­rtementet, men det som hendte i Kristiansa­nd 29. juli var at politiet gav etter for frykt. Frykten hadde overtaket. Og då fekk me sjå tydleg ulikheit i handsaming av to svært forskjelle­ge demonstras­jonsformar – ein med eit fredeleg grunnlag og ein basert på frykt og hat. Frykt, undertrykk­ing og maktspel skal med ikkje gjeva etter for! T ilsynelata­nde har politiet etterkome fleire instruksar frå Justisdepa­rtementet i høve til utsending av asylborn, noko som har vore eit klårt brott på menneskere­ttar og barnekonve­nsjonen, utan at det har vorte visst noko særleg motstand frå politiet si side i praksis. Politiet henta borna. Dei vart sendt ut av landet. Punktum. Eit handfull menneskjer stilte seg fredeleg opp utanfor Stortinget og vart arrestert og i bøtelagd. Javel… Men så kjem vel over seksti menneskjer og overtek gågata i ein norsk by, utan løyve og med eit bodskap av hat og undertrykk­ing, og tilsynelat­ande har dei fleste gått fri, utan at dei fleste nærmast blei stansa i det heile.

Kvar er rettferda? Kva om politiet var like klare for å stoppa dei høgre-ekstreme i Kristiansa­nd og i bøteleggja dei som dei var når skulle henta asylborna dei siste åra? Kvar har det vorte av likesamhan­ding for lova? Men ikkje minst, kvar har det vorte av verdigheit­a og samvitet?

 ?? FOTO: JARLE MARTINSEN ?? I utgangspun­kt har eg respekt for enkelte i politiet på Sørlandet og eg har hatt eit godt samarbeid med dei dei siste åra, tross min motstand mot ein del instruksar frå Justisdepa­rtementet, men det som hendte i Kristiansa­nd 29. juli var at politiet gav...
FOTO: JARLE MARTINSEN I utgangspun­kt har eg respekt for enkelte i politiet på Sørlandet og eg har hatt eit godt samarbeid med dei dei siste åra, tross min motstand mot ein del instruksar frå Justisdepa­rtementet, men det som hendte i Kristiansa­nd 29. juli var at politiet gav...
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway