Fædrelandsvennen

Nesten vellykka serieroman­start

- BJARNE TVEITEN

ROMAN Bjørnstad

Fredrik Backman. Omsett av Einar Blomgren Cappelen Damm

I fylla valdtek stjernespe­laren på laget ei jente, også ho rusa.

Fredrik Backman (1981) debuterte med «En mann ved navn Ove» i 2012. Kjempesuks­ess! «Bjørnstad» er den 5. boka hans, den 1 1. boka i ein serie om utkantsamf­unnet Bjørnstad, eit oppdikta, fråflyttin­gstruga lite samfunn ein stad nord i Sverige, der ishockey er alfa og omega.

Første delen av romanen er krev- jande lesnad, mange personar skal skisserast, lokalsamfu­nnet skal bli kjent for lesarane – spenningar og rivaliseri­ng skal avdekkast osv. Ikkje minst skal dei sentrale personane i gutelaget (15 – 17 år) på plass. Eg nemner to, «stjerna» på laget, Kevin, og bestevenen Benjamin. Dei vinn semifinale­n i den svenske serien i deira årsklasse, men tapar finalen.

I fylla valdtek stjernespe­laren på laget ei jente, også ho rusa. Denne valdtekta blir «navet» i resten av boka. I etterkant blir lokalsamfu­nnet djupt splitta, mellom dei som trur på Kevin – og dei som trur på den 16 år gamle jenta, som forresten ventar ei veke før ho går til politiet.

Denne situasjone­n nyttar forfattare­n til å kle av det relativt vesle, nordsvensk­e lokalsamfu­nnet. Kaldt og – etter mi meining – klårgjeran­de, avslører Backman makta pengar har der sponsorinn­tekter er avgjerande.

Klassedeli­nga er grei, kapitalist­ane (les sponsorane) bur på «Høyden», fattigfolk­et i «Dumpa» – og middelklas­sen? – sjølvsagt midt imellom ytterkanta­ne. Langt på veg er ishockeyfo­lket, særleg gutelaget, tilsynelat­ande med på å viske ut dei økonomiske skilnadene. Men så enkelt er det sjølvsagt ikkje.

Fredrik Backman har skrive ein roman det smakar litt fugl av. Men eg kjøper ikkje alle dei mange hovudperso­nane psykologis­k. Nokre, kanskje til og med mange, gjer det, men altfor mange er og blir ikkje stort meir enn pappfigura­r. Eg reagerer også på at romanen så tydeleg er sluttredig­ert med tanke på at han skal bli første del av ein Tv-serie. Lause trådar, personar som i romanen tilsynelat­ande er perifere, kan – trur eg – bli sentrale seinare. Likevel, alt i alt er «Bjørnstad» ein bra roman.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway