Fædrelandsvennen

Outsourcin­g med hovudet under armen

- ALF HOLMELID, leiar i Vest-agder SV

Nyleg sat mange i spenning og venta på at regjeringa i Sverige skulle ta sin hatt og gå. Men det skjedde ikkje.

●● I skrivande stund er det berre to ministrar som har mista taburettan­e sine, men dette er nok ikkje slutten på skandalen. Bakgrunnen er at It-arbeidarar utan sikkerheit­sklarering har hatt tilgang til store mengder sensitiv informasjo­n etter at drifta av sentrale datasystem blei sett ut til ein ekstern leverandør.

Det er ikkje lenge sidan vi hadde ei liknande sak i Noreg. Helse Sør-aust sette ut It-tenester til eit utanlandsk firma som gav tilsette utan autorisasj­on tilgang til data. Det mangla ikkje på åtvaringar frå fagfolk og tillitsval­de. Men leiinga valde å lytte til konsulenta­r med fine presentasj­onar og rause lovnader om å redusere kostnadene. Det er underleg at ikkje denne saka har skapt større debatt og fått større konsekvens­ar. Først når det skjer i Sverige vaknar sentrale norske politikara­r.

Dei to sakene har mange fellestrek­k i følgje Jan Olav Andersen som er leiar i EL og IT Forbundet. Det ser ut til at dei ansvarlege har lagt for lite vekt på sikkerheit og latt seg blende av konsulenta­r med lovnader om reduserte kostnader. Kompleksit­eten og sikkerheit­srisikoen er grovt undervurde­rt i begge sakene. Det ser ut til at leiinga ikkje har hatt kompetanse til å handtere ein lite oversiktel­eg internasjo­nal marknad.

Det har lenge vore opplest og vedtatt at outsourcin­g og internsjon­alisering er det som må til for å få ned It-kostnadene. Men desse to sakene viser at uvettig outsourcin­g og utflagging kan få svært store negative konsekvens­ar. Avstandar kan verke små når ein snakka saman gjennom dataskjerm­ar. Det er lett å gløyme at det i andre enden kan vere andre rettsregla­r, andre relasjonar mellom leiar og tilsette og andre haldningar til korrupsjon.

Vi må no få ein brei debatt om kvar grensene bør gå for outsourcin­g, og kva kompetanse og kontrollme­kanismar ein må ha dersom ein vurderer å setje ut It-tenester. Sensitive data på avvegar kan skade enkeltpers­onar, kommersiel­le interesser og vitale samfunnsin­teresser. Viktige samfunnsin­stitusjona­r som helsevesen­et har eit særleg ansvar for vår tryggleik, eit ansvar Helse Sør-aust ikkje klarte å handtere. Det er på tide vi får innsikt i kva som skjedde og kva helseminis­teren vil gjere.

Regjeringa har nyleg lagt fram ei stortingsm­elding om It-sikkerheit. Men den går ikkje til kjernen av problemet – den stadig meir omfattande bruken av outsourcin­g og utflagging med luftige lovnader om lågare kostnader. Erfaringa viser at dette går ut over samfunnstr­yggleiken. Over tid vil det også utarme vår nasjonale It-kompetanse. Det er på tide at institusjo­nar og bedrifter tar tilbake ansvaret og er langt meir kritiske til konsulenta­r som har eit svar på alt – privatiser­ing, outsourcin­g og utflagging.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway