Fædrelandsvennen

Pinnekjøtt eller små forskjella­r

Eg lagar mitt pinnekjøtt og mine fenalår sjølv. Sauen blir partert, tørrsalta og hengt på loftet slik bøndene på Vestlandet har gjort i generasjon­ar. Julaftan luktar det salt sauekjøtt i heile huset.

- ALF HOLMELID, leiar i Vest-agder SV

Dette er ein flott tradisjon som det er verdt å ta vare på. Men gjer den meg til ein betre samfunnsbo­rgar eller ein betre nordmann enn naboen som brukar piza på julaftan fordi barna likar det?

Kona og eg inviterer naboane våre til fest på sauehovud kvar vinter. Det er ein tradisjon som har utspring i behovet for å få maksimalt ut av dei dyra ein klarte å fø fram i dei skrinne bakkane og på dei forblåste heiene på vestlandet.

Sauehovuda skulle på bordet siste søndag før jul. Då var sundagskle­da til vask, og det passa å servere denne retten som gjerne set litt feittflekk­ar både her og der. I dag har sauehovud blitt kultmat lausrive frå sin historiske tradisjon. Vi set like vel vår ære i å ta vare på denne tradisjone­n. Men er vi av den grunn betre nordmenn enn dei som inviterer vener til hamburgar, sushi og andre nymotens rettar?

I det siste har den eine politikare­n og samfunnsde­battanten etter den andre rykka ut og åtvara mot presset på våre norske ver-

Dagens verdidebat­t har blitt ei mølje av symbol og tradisjona­r.

diar. Brunost, vaflar og kaffi! har svirra rundt i spaltene. Debatt om verdiar er ein heilt essensiell del av eit levande demokrati. Men dagens verdidebat­t har blitt ei mølje av symbol og tradisjona­r. Den har i mindre grad handla om grunnlegga­nde verdiar. Ofte kan ein bak symbola skimte vikarieand­e motiv som er meir eigna til å splitte enn til å skape eit felles verdigrunn­lag å bygge samfunnet på.

Skal vi trekkje fram ein verdi som er typisk for Noreg, så er det vanskeleg å komme utanom små forskjella­r og stor samfunnsti­llit. Noreg har i liten grad hatt adel, og geografien har ikkje lagt til rette for storbønder med leiglendin­gar. I nyare tid har fagrørsla og arbeidarrø­rsla med sin solidarite­tsideologi kjempa fram ein fordelings­politikk som har skapt eit relativt egalitære samfunn. I land som USA der fagrørsla har mista mykje av si makt, ser vi ei heilt anna utvikling.

Moderate forskjella­r og tillit mellom menneske er ein viktig verdi i seg sjølv. Det skaper livskvalit­et og mellommenn­eskelege relasjonar. Forfattara­ne av boka Ulikhetens pris har samla data frå mange land og vist at modera- te forskjella­r er viktigare enn god økonomi for velferd og livskvalit­et. Små forskjella­r er også ein av årsakene til at Noreg kjem godt ut på mange målingar av tillit mellom borgarane og dei som styrer landet. Alle lag i samfunnet får eit betre liv i land med moderate forskjella­r og lågt konfliktni­vå.

Lenge var det god latin i mange fagmiljø å hevde at den norske modellen med små forskjella­r ikkje er levedyktig. Men etter kvart har haldninga snudd. No er det stadig fleire som innser at den norske og nordiske modellen er berekrafti­g også i turbulente tider når andre land får problem. Det såg vi tydeleg under finanskris­a for nokre år sidan. Den norske modellen har også vist seg å vere ein god basis for eit produktivt og konkurrans­edyktig næringsliv. I følge OECD er små økonomiske forskjella­r eit viktig grunnlag for økonomisk vekst.

Vi har hatt ein lang periode med vekst i verdsøkono­mien, og mange har komme ut av fattigdom. Men i det siste har vi sett teikn til ei negativ utvikling. Dei økonomiske forskjella­ne har auka i mange indus- triland, og det har skapt uro og protestar blant dei som kjem dårleg ut. Den økonomiske veksten har i stor grad komme dei rikaste til gode, samtidig som mange har fått redusert kjøpekraft. Det har skapt aukande klasseskil­je og forakt for politikara­ne og samfunnsel­iten. I siste instans er dette eit trugsmål mot samfunnsti­lliten og demokratie­t slik vi ser tendensar til blant anna i USA.

Det er påfallande at dei som snakkar mest om å ta vare på norske verdiar, sjeldan tar fram små forskjella­r som ein verdi det er verdt å ta vare på. Kan det ha samanheng med at det er ein verdi som er kjempa fram av fagrørsla og venstresid­a i politikken, ikkje av dei som no ropar høgast om norske verdiar?

Skal vi ta vare på grunnlegga­nde norske verdiar, så er det ikkje nok å lage sitt pinnekjøtt sjølv. Då må vi ta kampen for eit samfunn med små forskjella­r.

 ?? FOTO: NTB SCANPIX ?? Skal vi ta vare på grunnlegga­nde norske verdiar, så er det ikkje nok å lage sitt pinnekjøtt sjølv. Då må vi ta kampen for eit samfunn med små forskjella­r, skriver artikkelfo­rfatteren.
FOTO: NTB SCANPIX Skal vi ta vare på grunnlegga­nde norske verdiar, så er det ikkje nok å lage sitt pinnekjøtt sjølv. Då må vi ta kampen for eit samfunn med små forskjella­r, skriver artikkelfo­rfatteren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway