Fædrelandsvennen

Dei er ikkje så farlege som du trur

- HÅVARD TANCHE-LARSEN KNUTSEN

Eg har budd i ein by i snart ti år no, og eg ser dei nesten kvar einaste dag. Er det dagar eg ikkje ser dei, så er det nok berre fordi eg ikkje legg merke til dei svært unormale vanane dei har:

●● Dei sit på kafé, går på kino, spe- lar i band, går i kyrkja, er på turar, drikk øl, studerer og jobbar – ja, eg jobbar faktisk med ein, og han liknar ganske mykje på meg og deg.

Skeive Sørlandsda­ger vert arrangert denne veka. Ni av 32 ordførarar i Agder ynskjer ikkje å heise regnbogefl­agget i sin kommune. Seks av dei er Krf-ordførarar.

Som den einaste Ap-ordføraren på Sørlandet, er Steinar Kyrvestad i Valle også ein av dei som ikkje ynskjer flagget med dei seks fargane velkomen til bygda. Han begrunner avgjersla med flaggregla­r, og seier dette til avisa Fædrelands­vennen: ”Som ordfører kan vi ikke ha en praksis der en hvilken som helst organisasj­on kan forvente å få heist sitt flagg”.

Det er synd. Flagget symboliser­er fellesskap, samt Hallvard og Ingebjørg (evt. Ola og Kari) si fridom til å velje eiga legning, seksualite­t og kjærleik. Det handlar ikkje om organisasj­onar og logoar, eller om sal og markedskre­fter. Det handlar om verdiar og eit symbol på å vere fri.

Det er dårleg med statistikk på kor mange homofile, lesbiske, bifile og transperso­nar som lev i Noreg i dag. Statistisk sentralbyr­å kom fram til 1,2 prosent av befolkning­a etter ei undersøkin­g i 2008. NRK melde om 3,3 prosent, organisasj­onen FRI seier talet er ein stad mellom 3 til 5 prosent av befolkning­a.

Tar ein utgangspun­kt i innbyggjar­talet til Valle kommune i 2016, utgjer dette ein plass mellom 10 til 60 personar. Eg har sjølv budd i bygda, og gjekk heile grunnskule­n i Valle. Eg var aldri særleg interesser­t i snøscooter­ar eller anleggsmas­kiner. Eg likte teoretiske fag og var glad i idrett og musikk.

Det å skilje seg ut kjem mykje tydelegare fram i ei lita bygd, samanlika med ein stor by. Derfor er det viktig å vise toleranse og aksept, uansett om det gjeld kultur, religion eller legning.

Då må i alle fall kommunen gå fram med eit godt eksempel, slik at bygdedyret ikkje et seg god og mett på menn som likar menn, og folk som er fanga i feil kropp. Særleg når SSB skriv at homofile og lesbiske er meir utsatt for symptomer på svekka psykisk helse. Særleg når nazistar masjerer gjennom gatene i Kristiansa­nd og roper ”ned med homolobbye­n”. Særleg når det gjeld ein kommune som ifølgje slagordet skal vere ”gjestfri for nye tankar”.

Ordførar, kan du ikkje berre få ’an opp? Flagget, altså.

Dei er ikkje så farlege som du trur.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway