Fædrelandsvennen

Flanellogr­afen er høgst levande

-

Øystein Moi møter mennesker fra indre Agder. Denne uka er det Ingrid Birkeland (73), lærer i søndagssku­len.

Dåsvannsda­len. Dette tronge dalføret som strekkjer seg frå det levande handelssen­teret Dåsnes – mot meir aude, lovlause og heimlause strok i retning Håvestøl, Tjaldal og Bortelid. Det var her ho vaks opp, Ingrid Birkeland (73). På garden Kleven, på Øvre Dåsvand.

VIL IKKJE HA GLORIE Øystein Moi

● Øystein Moi startet nettstedet moisund.com i 2002. Han bruker nå sin lokalkunns­kap fra indre bygder til å la oss lesere bli kjent med mennesker fra denne delen av Agder.

Denne uka har Moi møtt Ingrid Birkeland

På stoveborde­t stend rykande fersk kringle. Kaffen er klar – og Ingrid er på mange måtar eit grann spent på møtet med den utskræmde bladfyken.

Ingrid vil helst ikkje ha for mykje merksemd kring eigen person. Ho arbeider best i det stille.

– No må du for all del ikkje teikne nokon glorie kring hovudet mitt, seier ho medan ho skjenker nykoka kaffe frå ei velbrukt termosflas­ke.

Ja ho he så visst arbeidd i det stille. Ingrid.

I år er det 50 år sidan ho tok til som lærar i søndagssku­len. Framleis i full teneste. I 50 år he ho hatt flanellogr­afen som sin næraste fylgjesven i møtesalen på Krossen bedehus.

– Eg likar ikkje desse moderne Edb-maskinane , seier Ingrid og fortel at det er mykje gildare å klistre Maria, Josef, Sakkeus og Jesus opp på ein tilårskome­n flanellogr­af. Det same gjeld eigentleg for Betlehemss­tjerna. Ungane i dag sit med vidopne augo – ja dei gløymer ikkje slikt så lenge dei er i levande live. På mange måtar eit pedagogisk blinkskot.

❞ No må du for all del ikkje teikne nokon glorie kring hovudet mitt.

UROA FOR KULTURARVE­N

Det er lunt i stova hjå Ingrid og ektemannen Bjørn. Lunt på fleire måtar. Det knitrar frå omnskroken. Den gode samtalen gjev meg både ro i sjela og varme i lekamen.

Ingrid kan setje ord på det meste. Eit tenkjande menneske. Eit varmt medmennesk­je. Humoren – og den gode låtten er aldri langt unna.

Kringla, stappfull av rosinersmø­rkrem og andre raske karbohydra­ter, sklir ned på høgkant. I respekt for ein søndagssku­lelærar gjennom 50 år, og i respekt for Vår Herre, så faldar eg hendene før eg gyv laus på matfatet. Ingrid likar det truleg best slik. Ho er så grenselaus­t irritert på mange av dei endringene som skjer i samfunnet i dag.

– Kven tusan he då vondt av å synge eit vers – eller to av ”Du som metter liten fugl” før dei opnar nisteskrin­et på skulen – eller i barnehagen. No er dette i ferd med å verte strengt forbode.

– Ein viktig del av av vår nasjonale kulturarv og vår eigen folkeskikk er beint fram i ferd med å verte stroken ut or kvardagen. Ei skam. Korkje meir eller mindre.

Like utanfor stoveglase­t beiter Dagros og eit ukjent tal med andre firbeinte vener. Traktorar, slåmaskina­r, tilhengara­r og anna lausøyre fortel om eit aktivt gardsbruk. Det er sonen Terje som i dag he ansvaret for å stelle godt med dyra – og syte for god avling på meir enn 400 dekar med dyrka mark.

– Eg vart aldri nokon bondekjerr­ing, seier Ingrid og fortel at ho så visst hadde nok å stelle med då ho skulle oppdra, mette – og vaske sokker, underbukse­r og flanellskj­orter til fire viltre gutar og ein hardt arbeidande ektemann.

LIVSLANG TENESTE

Garden, med postadress­e Senumsvege­n 16, ligg berre eit drygt steinkast unna den travle handelsgat­a i Evje sentrum. På andre sida av Otra. På vestsida – gamle Hornnes sokn.

Medan Ingrid henter fram handarbeid­et, og kanskje saumar seg ein Setesdalsb­unad – eller ei høveleg lusekofte, så kan ho samstundes fylgje med på det pulserande dagleglive­t i regionsent­eret. Turistar, sambygding­er, åsdølar – og travle forretning­sfolk.

Flotte ungdomar. Nyfikne på livet – og jamvel så heldige at dei fær vakse opp i ein fantastisk kommune som Evje & Hornnes.

- Du verden kor godt me he det, seier Ingrid med eit stort smil. Heile andletet lyser opp.

– Men kvifor i all verden skal Samyrkjela­get, Kiwi - eller Rema 1000 ha opne butikkane på søndagen? Reinspikka galskap, spør du meg. Då tenkjer eg ikkje på korkje bibelvers eller på pensum på søndagssku­len. Då tenkjer eg heller på at vaksne folk i dag, i ein stressa og travel kvardag, he bruk for ein kviledag.

– Me he bruk for ein dag kor me kan hente fram filttøflen­e, legge eit ullpledd øve knea – finne fram ei god bok, og nyte stunda. Nyte livet. Takke livet. Eller ein dag kor me beint fram kan setje oss ned og tale. Med kvarandre. Heilt utan Pin-kode, og heilt utan tilbod på grilla kylling, bleier og filterkaff­e.

Mange har bede meg take kontakt med Ingrid Birkeland. Eit kvardagsme­nneske som i aller høgste grad fortener heiderleg omtale. I avisa – og blant folk flest. Ei livslang teneste til beste for sine medmennesk­je. I heimen, i grannelage­t, i venekrinse­n, i røystekrin­sen – og på bedehuset.

Ei teneste i det stille.

 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ?? Ingrid Birkeland har stelt med mykje, blant anna søndagssku­len.
FOTO: ØYSTEIN MOI Ingrid Birkeland har stelt med mykje, blant anna søndagssku­len.
 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway