Fædrelandsvennen

Rått om dokka som vart gløymt att

- TORBORG IGLAND

BILETBOK «Natt på stranda»

Elena Ferrante. Illustrasj­on: Mara Cerri.omsett av: Kristin Sørsdal

Samlaget

I biletboka «Natt på stranda» får vi vere med dokka Celina på stranda når dei andre har reist heim. Vi får sjå stranda om natta, då den vondskapsf­ulle Strandmann­en av Solnedgang­en kjem med Den Store Raka, då elden sluker alt rask etter badegjeste­ne og bølgjene truar med å drukne deg.

Det handlar om dokka Celina og dokkemor Mati. Dei er på stranda, slik dei er kvar helg. Mati snakkar alltid mykje med Celina. Men denne dagen har far til Mati med ein kattunge i gåve til dottera. Og no leikar Mati berre med katten. I tillegg har bror til Mati grave eit hol, og bror til Mati er ofte litt rampete. Han grev sand over dokka, og då Mati og familien hennar skal dra heim, gløymer dei Celina.

Forfattare­n bruker ikkje silkehansk­ar når ho skildrar forandring­a som skjer, for når det kjente forsvinn og mørkret fell over stranda, er det ikkje lenger trygt der. Den Slemme Strandmann­en kjem, dokka har høyrt om han, han stel leikene til barna og han har ei rake med grufulle tenner av skinande jern. Det vert farleg, ein fare følgjer ein annan, utan at vi skal røpe meir om kva som skjer.

Men medan lyset går frå rosa til fiolett og sanden vert kaldare, vert dokka ikkje berre trist, men òg sint. Ho er så sint på katten at ho håpar han får di- aré, at han kastar opp, slik at Mati blir kvalm og kvittar seg med han.

Ferrante skriv utan å pynte på dei stygge kjenslene. Heller ikkje illustratø­r Mara Cerri er redd for å skremme borna. Redsla lyser frå augo til den stakkars dokka. Vi får òg kjenne på denne redsla, la oss overvelde.

Innimellom brukar forfattare­n små regler, noko som styrkjer kjensla av draum og noko framandt. Omsetjar Kristin Sørsdal har ei fin kraft i språket sitt, som kler Ferrantes råskap.

Og til slutt? Eg smilte, meir seier eg ikkje.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway