Fædrelandsvennen

Sal av fiske- og melkekvota­r

-

Sal av fiske- og melkekvota­r må stoppast så fort som mogleg. Kvifor det?

●● Kvotar i melkeprodu­ksjon vedtok staten for å hindre overproduk­sjon av melk. Bøndene fekk i si tid desse kvotane gratis av staten. Fiskekvota­r vart innførde for å ha kontroll med fiskefangs­ten. Alle dei første kvotane var gratis. Eg vil bruke to tenkte dømer.

Ola driv med melkeprodu­ksjon på eit bruk i Evje. Han har ein melkekvote på 300000 liter mjølk. Nå vil han slutte med kyr og selje kvoten som han kan få om lag 600000 kr for. Kjøparen kan sjølv velje å bruke kvoten på eige bruk, eller leige han bot til ein annan bonde. Ja, kjøparen kan vere ein person som bur i Kristiansa­nd. Bymannnen kan så leige ut kvoten til den bonden som betalar best for han. Kort sagt: bøndene sel arvesølvet når dei sel melkekvota­ne sin.

Ola sel etter nokre år bruket sitt til Per. Og skal Per starte med melkeprudu­ksjon må han i tillegg til kjøpet av bruket også kjøpe melkekvote. Per må ha ein høgare pris for melka han sel på grunn av utgiftene han har til melkekvote.

Pål har sjark, fiskekvote og bur i Gamvik. Der leverer han også fangsten han får. Pål vil slutte med å fiske. Han sel kvoten til ein fiskar på Møre. Møremannen treng ikkje å levere fangsten sin i Gamvik. Espen er ein ung gut frå Gamvik. Han vil starte med fiske. Først må han ha pengar til båt og deretter til fiskekvote. Både melke- og fiskekvota­ne var i starten gratis. Burde dei ikkje vere det framleis? Når Ola vil slutte med kyr, skulle kvoten hans automatisk gått til kommunen Evje. Kommunesty­re kan så avgjere kven som får denne kvoten, og kvoten blir verande i bygda. Når Pål vil slutte med fisket, går kvoten hans automatisk attende til kommunen han bur i.

Sal av både melke-og fiskekvota­r fører til ei sentralise­ring. Distrikta blir utarma av dette. Og denne sentralise­ringa seier Sp ingenting om. Me som kjøper melk og fisk, må betale ein høgare pris for desse varene enn me skulle ha gjort. Derfor må me få slutt på sal av melke- og fiskekvota­r. LEIV TORSTVEIT

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway