Fædrelandsvennen

Vognførar Olav betaler ikkje for kaffen i Beograd

- TEKST: ØYSTEIN MOI

elfødd, smilande og blid møter Olav meg på hovudkvart­eret hjå det vesle rutebilsel­skapet Risdal Touring. På Evjemoen.

Eit langt liv som vognførar he sjølvsagt sett sine tydelege spor i den røslege lekamen. Olav he nok bak seg sin siste sumar med eigen pannelugg – og forskaling­a he heilt naturleg sklidd ut eit grann på den øvre sida av livreima.

Olav Ljosland Risdal (56) er utan atterhald ein av dei mest populære turbilsjåf­ørane i heile kongeriket. Få, om nokon, av hans yrkesbrør kan syne til ei liknande karriere.

235 REISEDØGER I ÅRET Øystein Moi

● Øystein Moi startet nettstedet moisund.com i 2002. Han bruker nå sin lokalkunns­kap fra indre bygder til å la oss lesere bli kjent med mennesker fra denne delen av Agder.

Denne uka har Moi møtt Olav Ljosland Risdal

Kvart einaste år legg Olav bak seg meir enn 130.000 km på landevegen. Han he heile Europa som sitt nedslagsfe­lt, og han he frakta nøgde passasjera­r frå Norkapp i nord – til Gibraltar i sør. Frå Moskva i aust – til Borhaug på Lista i vest.

– Dette er like mykje ein livsstil som det er ein jobb, seier Olav og blar varsamt i reisekalen­deren for det neste halvåret.

– På det meste så har eg hatt 235 reisedøger ute i Europa – på eitt kalenderår. Då reknar eg ikkje med 20-30 reisedøger i Noreg, same året. Dei kjem i tillegg.

– Møter du kundane, passasjera­ne, med eit smil, ja så fær du allstøtt eit smil attende, seier Olav og er ikkje det minste i tvil om at nøgde kundar er sjølve drivkrafta i det han driv på med.

– Den beste løna eg kan få er når passasjera­ne stig av bussen i heimbygda si og takkar for ein gild tur. Då vert eg både glad og stolt.

Heidersman­nen Olav, frå den vesle grenda Ljosland – i Vegusdal, vert blank i augo.

Båe augo. Samstundes.

❞ Møter du kundane, passasjera­ne, med eit smil – ja så fær du allstøtt eit smil attende.

MEIR ENN 80 GONGER I BERLIN

Olav Risdal he køyrd buss i 37 av dei ulike landa du i dag finn på Europakart­et. Han he vore i den tyske hovudstade­n Berlin meir enn 80 gonger, og når han ei svalande kveldsstun­d vitjar ei av dei mange matstovene på t.d. Alexander Platz - er det så visst ikkje noko uvanleg syn at some av dei innfødde helsar venleg på bussjåføre­n frå Vegusdal. Han er på mange måtar ein av deira eigne. Ein del av inventaret.

– Det er vanskeleg å seie kva for reisemål eg likar best, men eg kjem likevel ikkje unna å nem- ne namn som Praha, Austerrike – og Nord Italia. Dette er destinasjo­nar som på mange måtar he festa seg på netthinna. På minnebrikk­a – og i hugen.

– Eg må samstundes nemne at vårt nære samarbeid med Lindesnes Trekkspill­klubb he gjeve meg mange gode og minnerike opplevinge­r. Både sosialt, fagleg – og kulturelt. Med den gjengen ombord i bussen vert det allstøtt liv og røre. Du veit aldri kva slike kan finne på.

Det er onsdag kveld. Berre få timar sidan Olav kom heim frå ein tur til den tsjekkiske hovudstade­n. No er han innom vaskehalle­n for å reingjere reiskapen, eg tenkjer då på bussen, før han torsdag morgon set turen mot Tyskland, Østerrike og landom- råda i sør som tidlegare heitte Jugoslavia.

EIG HALVE SELSKAPET

Den moderne turistbuss­en henta han sjølve på fabrikken for få veker sidan. Olav handlar alltid frå øvste hylle. Med ein prislapp på rundt rekna 5 millioner kroner syner han med heile si tyngde at han vil passasjera­ne det aller beste. Berre det beste er godt nok for Olav Risdal.

Den stillfarne og venesæle guten som sjølve eig halvdelen av rutebilsel­skapet som i dag nærmer seg ei omsetning på 100 millionar norske kroner.

Slikt kjem ikkje av seg sjølve. Dei siste åra he Risdal Touring skipa til ei rekkje med spesialtur­ar, dei fleste tilrettela­gt for godt vaksne folk frå Indre Agder. Frå dalstroka innanfor. Osedalen og Kverve medrekna.

M.a. så he både Praha og Paris vore målet for desse turane. På avreisedag­en er det ikkje uvanleg at Olav reiser rundt og henter folk på deira eigen heimstad. Stundom er han heilt inne i stova og henter både koffertar, selskapskj­oler og anna lausøyre. Eg vel å kalle slikt for personleg sørvis. Olav bruker heller ord som folkeskikk, logistikk, lokalkunns­kap – og sundt bondevet.

BLANT VENER I BEOGRAD

Når du les dette så sit truleg vognførar Olav Risdal på ei kaffestove i Beograd og slær av ein venskapele­g prat med eit par av dei infødde karane. Dei set så umåteleg pris på å høyre siste nytt frå Vegusdal, frå Hovlandsda­len – og frå Hynnekleiv.

Olav betaler ikkje for kaffen i Beograd.

Her er han blant vener. Gode vener.

 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ?? Kvart einaste år legg Olav bak seg meir enn 130.000 km på landevegen.
FOTO: ØYSTEIN MOI Kvart einaste år legg Olav bak seg meir enn 130.000 km på landevegen.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway