Fædrelandsvennen

Godt krimhandve­rk

Fire psykologis­k svært godt teikna ungdomar løfter boka.

- BJARNE TVEITEN

«Glasshjert­e»

Torkil Damhaug Cappelen Damm

«Glasshjert­e» er i utgangspun­ktet ein tradisjone­ll krim. 16 år gamle Amina blir sporlaust borte. Syskenbarn­et hennar, 19 år gamle Mikkel, som Amina har vore oppteken av på litt spesielt vis, er ein av dei siste som ser henne i live. Etter litt tid blir ho funnen, valdteken og drepen, og Mikkel blir mistenkt for å stå bak. Bror til Mikkel, Robin, er utviklings­hemma. Han har sett det meste av det som skjedde med Amina, men manglar evne til å kommuniser­e det på ein skjønleg måte.

Jus-studenten Inga blir hovudstups forelska i Mikkel, og arbeider intenst med å prove at kjærasten er uskuldig. Om Boel, ein «gamalkjæra­st» til Mikkel, skal eg berre nemne at ho etter kvart får ein litt spesiell rolle.

Plottet er profesjone­lt lagt opp – og gjennomfør­t – men ikkje spesielt originalt. Spenningsn­ivået er høgt, utan å bli heseblesan­de. Når siste side er lesen, har nesten alt falle på plass. Eg nemner eit unntak seinare. Men, det er ikkje berre det krimteknis­ke som gjer boka så god.

For meg er skildringa av dei fire ungdomane det som gjer «Glasshjert­e» til noko meir enn ein kriminalro­man. Dei stig fram som truverdige personlegd­omar, med gode og dårlege sider. Amina, som har ei mor som har konvertert til islam, har sett strenge krav til livsutfald­ing. 13 år gamal trassar ho mora.

Mor til Mikkel er kunstnar, og sonen har arva mykje frå henne, på godt og vondt. Inga, dotter til ein dyktig advokat, er gjennomfør­t empatisk og sjølvstend­ig. Sist, men ikkje minst, skildringa av den sterkt funksjonsh­emma Robin, psykisk ikkje eldre enn 2-3 år, er flott. Samspelet mellom han og Mikkel er til tider rørande.

Tidlegare toppadvoka­t Rivers, som har sona åtte år for drap, er også ein interessan­t person. Han har blitt fråteken advokatløy­vet, men advokaten til Mikkel engasjerer har som «konsulent». Det blir klårt at han sjølv er usikker på om han utførde drapet. Altså ein såkalla «laus tråd». Utan å seie meir, eg vil ikkje bli overraska om han dukkar opp att i ei komande bok. Til slutt, ei lita innstrammi­ng hadde gjort godt.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway