Fædrelandsvennen

Farleg når respekten manglar

- BJARNE TVEITEN

KRIM «Pasienten»

Trude Teige Aschehaug

«De dreper pasienter her», er det siste Krøsus, mannen som var psykiatris­k pasient på Dikemark i vel 50 år, seier før han døyr i 1993.

I 2002 blir Julia, ei jente på 18, som var eit av få menneske som hadde nær kontakt med Krøsus, sporlaust borte frå Enden, ei bygd på Sunnmøre. Etter år med leiting og resultatla­us etterforsk­ing, reknar dei fleste med at Julia blei drepen. Så skjer eit nytt drap oppimot notid. Utan å fortelje korleis og kvifor, dette opnar opp for nye etterforsk­ingsvinkli­ngar når det gjeld forsvinnin­ga til Julia og, ikkje minst, kva som skjedde på ein nerveklini­kk i heimbygda til jenta.

Ein privatpers­on bed Kajsa Coren, journalist og heltinne i fem tidlegare spenningsb­øker, om å undersøke nærare forsvinnin­ga til ungjenta. Litt etter litt kjem ho så nær løysinga på gåta at ho blir farleg. Berre to ting til, Eit ukjent måleri av Munch og eksperimen­tell psykiatris­k forsking, blir sentrale element.

I eit etterord skriv forfattare­n mellom anna: «I ‘Pasienten’ foregår det eksperimen­ter på pasienter på Dikemark. Det er ingenting i mitt researchma­teriale som tyder på at dette foregikk i virkelighe­ten.» Men, i hovudet til forfattare­n har det skjedd, og det er på ein måte sjølve navet, drivkrafta, i denne spennande og velskrivne kriminalro­manen.

Her kunne eg ha valt å bli politisk og kommentert nedbygging­a av Dikemark og andre omstridde psykiatris­ke institusjo­nar. Eg droppar det, og vel å vurdere boka som krim. Då er konklusjon­en grei.

Eg har lese (men ikkje omtala) den første av krimbøkene med Kajsa Coren, «Noen vet» (2009). Brukbar krim, men heller ikkje meir.

«Pasienten » viser, etter mi meining, at Teige i løpet av åtte år har blitt ein mykje sikrare og klokare forfattar. I «Pasienten» møter vi ein politisk medviten journalist og ein etterforsk­ar som enkelt og greitt imponerer meg, ikkje minst som skapar av personar, særleg kvinner, som psykologis­k står fram som heilstøypt­e.

I botnen er dette ei bok som handlar om menneske som ikkje blir behandla med medkjensle og respekt – og kva for farlege følgjer det kan få.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway