Fædrelandsvennen

Skravlete, uspennande krim

- BJARNE TVEITEN

KRIM

«Hun takket gudene»

Jussi Adler-olsen Aschehoug

Først, «Hun takket gudene» er ikkje ei ny bok. I

2003 kom boka for første gong, då med tittelen

« Firmaknuse­ren». I 2010 blei det forlaget kallar ein «thriller» gjeven ut på nytt i Danmark, med tittelen «Hun takket gudene».

Å bruke ordet «thriller» om denne boka på nesten 735 sider er misvisande. Bortsett frå dei siste vel 100 sidene er boka først og fremst prega av det eg vil kalla langhalm, småprat og forfattare­ns behov for å vise kor godt han er orientert om den politiske situasjone­n i verda generelt omtrent på midten av 1990-talet, og i Europa og Midt-austen spesielt. Fleire personar som betyr svært lite, eller ingenting, blir presentert­e over mange sider. Ei lang rekke hendingar blir til overmål utbroderte.

Vi er i Nederland i 1996 og hovudperso­nane er Peter de Boer, forretning­smann som har spesialise­rt seg på «slakting» av relativt store verksemder, og ei, i utgangspun­ktet, indonesisk jente frå gettoen, Nicky Landsaat.

Peter de Boer tilset ho i ei svært godt betalt stilling i firmaet sitt. Ho har falle pladask for han etter eit TVprogram, og forholdet dei imellom blir skildra som sterkt. Svært sterkt.

Plottet inkluderer irakisk etterretni­ng, «firmaknusi­ng» og fantasiful- le spekulasjo­nar om t.d. Bijlmer-flyulykken i 1992, der eit fly havarerer i ei bustadblok­k i Amsterdam. Slikt kan det bli ein verkeleg thriller av. Det blir det ikkje, og hovudgrunn­en er enkel: Det blir altfor mange sider. Ei ganske kraftig innstrammi­ng kunne ha gjort boka god, kanskje til og med svært god.

Sjølv om «Firmaknuse­ren » var den 6. boka til forfattare­n, var boka den andre med genrenemni­nga thriller. Sagt på ein annan måte, boka er skriven av ein fersk krimforfat­tar.

Det som undrar meg er at Aschehoug, trass i at mange i forlaget må ha skjøna at boka ikkje held mål, likevel vel å gje ho ut. Eg kan ikkje sjå nokon annan grunn enn at forfattare­n dei siste åra har kome med kvalitetsk­rim, og eg reknar med at ganske mange kjem til å tru at denne boka held same kvalitet.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway