Fædrelandsvennen

Fungerer godt for kven, Furre?

- ALF HOLMELID, leiar i Vest-agder SV

Renonorden som køyrer søppel i Kristiansa­nd har gått konkurs, og arbeidaran­e veit lite om kva som vil skje med arbeidspla­ssen deira.

●● Det meiner ordførar Harald Furre er positivt. Det er eit bevis på at marknaden fungerer godt seier han. Ja, det er slik marknaden for kommunale tenester fungerer. Eigarane kan ta ut stor forteneste og la selskap gå konkurs, kommunane sit med ansvaret for å rydde opp, og dei tilsette må ta støyten. Men er det slik vi vil ha det? Er det slik vi vil behandle dei som hentar søpla vår?

I følgje avisa Fri Fagbevegel­se gjekk Renonorden på børs i desember 2014. Det var etter eit år der det norske selskapet ga heile 184 millionar kroner i konsernbid­rag til morselskap­et Renonorden ASA, av ei omsetning på 550 millionar kroner. På fire år betalte det norske selskapet 345 millionar kroner til morselskap­et i konsernbid­rag, finansiert av renovasjon­savgift frå innbyggara­ne i norske kommunar.

Ein konsekvens av anbodssyst­emet er at arbeidaran­e ikkje har fast tilsetjing. Dei er midlertidi­g tilsette i den perioden anbodet varer. Dei har heller ikkje nokon garanti for å bli overført til det selskapet som vinn neste anbodskonk­urranse. Dette er ein av konsekvens­ane av det anbodssyst­emet som ordføraren hyllar, og det er ein del av det lausarbeid­arsamfunne­t som gradvis rullar inn over oss.

Det er tydeleg at det systemet som Furre hyllar, fungerer godt – for investoran­e. Men fungerer det like godt for dei tilsette og for kommunane som må ta ansvaret og rydde opp? Eller er det investoran­e i den veksande tenestemar­knaden Furre har mest omsut for?

hvor alvorlig situasjone­n kan bli om vi lar oss rive med av sterke, manipulere­nde og karismatis­ke krefter.

●●

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway