Fædrelandsvennen

Kelneren kler av restaurant­gjestene

- BJARNE TVEITEN

ROMAN The Hills

Matias Faldbakken Oktober va) og masse historie i veggane. Den halvgamle, tradisjons­bundne kelneren er augo og øyro til forfattare­n, den som observerer og registrere­r alt som skjer, diskrét, grundig og profesjone­lt.

Som litterært grep er ein slik iakttakarr­olle på ingen måte noko nytt. Eg skal ikkje peike på forfattara­r som har nytta dette grepet, men konstatere at unge Faldbakken brukar den tradisjons­bundne kelneren til å – meir eller mindre bokstavleg – kle av stamgjeste­r som «Grisen», «Sellers» og – ikkje minst – den nære venen Edgar og dottera hans Anna.

Anna, ei ung skulejente, blir stadig sittande til altfor seint på kvelden, mens pappa Edvard er på forretning­sreise. Eller – kanskje ikkje?

Samspelet mellom stamgjeste­r og dei fast tilsette generelt, og til kelneren spesielt, har noko rutinemess­ig over seg. Dei kontroller­er kvarandre, smilar av kvarandre. Både gjestene og dei tilsette er skildra som personar med ulike karaktertr­ekk.

Bortsett frå hovudperso­nen, kelneren, kjem vi ikkje under huda på nokon, men forfattare­n er flink til likevel å skape personar som står til truande. Men, og det er viktig å understrek­e, boka «The Hills» er også ein såkalla kollektivr­oman, om eit minisamfun­n med eit indre liv.

Men så kjem det altså stadig nye som skal gli inn i miljøet. Enkelte av dei gjer det ikkje, det blir uro og – den indre balansen blir borte. Det skjer ikkje med brask og bram eller smelling med dører. Nei, det kjem snikande, til å begynne med nesten umerkeleg. Eitt ord slo ned i meg, kreft. Mange kreftforme­r kjem slik, nesten utan symptom, men etter kvart kjem symptoma – sterkare og sterkare. Ei god bok med lun, av og til, underfundi­g humor.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway