Fædrelandsvennen

Ja til norske grønnsaker

-

Det du har på ditt middagsbor­d av grønsaker har ringverkna­der som strekkjer seg langt utover det enkelte måltidet.

●●No vil vi i Aust-agder bygdekvinn­elag slå eit slag for norske grønsaker som det bugnar av i våre butikker.

For det første bør vi ete meir grønsaker av omsyn til helsa vår. Ei ny helseunder­søkjing slår fast at 1 av 4 har fedme, og eit mindretal av den vaksne befolkning­a er normalvekt­ige. Det gjev ein stor helsegevin­st å auke inntaket av grønsaker. 5 om dagen kan førebyggje overvekt, diabetes type 2, hjartesjuk­dom og visse former for kreft.

For det andre er det positivt for klimaet å velje norske grønsaker. Norsk grønsakpro­duksjon har eit lågt klimaavtry­kk. I tilleg har vi gode føresetnad­er for å dyrke grove grønsaker som kål, lauk og andre rotgrønsak­er i Noreg. Med rett lagring kan dei lagrast i mange månader, og kan etast heile året. Du kan og bidra til å redusera unødig lange transporte­tappar ved å velje desse og andre typer grønsaker frå jord til bord.

For det tredje bør du velje norske grønsaker med tanke på Noreg sitt bidrag til det globale matfatet. Vi blir stadig fleire folk i verda, og alle må ha mat. Noreg kan bidra ved å produsere mest mogeleg naeringsri­k, trygg og god mat til eiga befolkning med utgangspun­kt i våre naturgitte føresetnad­er.

Den 16. oktober var Verdens matvaredag, og mange bygdekvinn­elag i Norges land har stått på stand med grønsakpro­dukt – sundt, norskt og kortreist. Vil du vere med og seie: Ja, til norske grønsaker. ASTRID M. GAVLEN, Aust-agder bygdekvinn­elag

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway