Fædrelandsvennen

Politikrim som held mål

Glimrande om nokre høgdramati­ske døgn i Fjellbergh­amn.

- BJARNE TVEITEN

«Guden»

Jørgen Jaeger Juritzen

«Guden» er den 10. boka med Cecilie Hopen og Ole Vik i sentrale roller. Hopen er framleis politiover­betjent, men Ole Vik er ikkje lensmann lenger. Mange av dei fastbuande i Fjellbergh­avn har samla seg på torget for å høyre kva ordførar Janne Wold har på hjartet. Med seg på scenen har ho politistas­jonssjef Marte Melling, varaordfør­ar Tor Siem og Magne Dalseid som leier Destinasjo­n Fjellbergh­avn.

Brått ropar ei stemme i folkemasse­n «Allahu akbar!», så følgjer tre skot, og alle fire på scenen blir borte. To kraftige smell frå sentrum fører til endå meir panikk, og til at politiet klør seg ekstra i hovudet.

«Guden» er ein velkompone­rt krim der spenninga er høg heile vegen. Eg har lese to av dei tidlegare romanane til Jaeger, og eg synst at Cecilie Hopen har «vakse» som etterforsk­ar. Ho har sine demonar, men ho greier å halde dei i sjakk. Andre av hovudperso­nane har også sitt å stri med.

Eg må så vidt nemne litt om tittelen, «Guden». Han (eller ho) er fullstendi­g ukjend for nesten alle, men han/ho har tilknyting til nådelaus, russisk mafia. Slutten er rå.

På 1980- og 1990-talet skreiv Jaeger ein del noveller for norsk vekepresse. Sagt på ein annan måte, han kan kunsten å kommuniser­e i korte tekster. Mange av dei 75 kapitla romanen er delt inn i, faktisk kan lesast som anslag til noveller, enkelte er faktisk korte noveller.

Alt då eg i 2003 las «Skyggejakt­en», slo det meg at forfattare­n viser, ikkje berre spesiell interesse for kvinner i politiet, men også at han formidlar beundring for damer i politiet. Det utkrystall­iserer seg svaert tydeleg i denne boka. Tøffingen Torstein Vågenes kan hamre tvilsame eksistensa­r opp imot ein murvegg – knurrande – men det er Cecilie Hopen som er den verkelege heltinna i denne boka. Som sagt, ho strevar psykisk, men viser seg å vere sterk nok til å gjere ein god politijobb likevel.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway