Fædrelandsvennen

Ein del som skurrar

- BJARNE TVEITEN

KRIM «Mannen som jaget sin egen skygge»

David Lagercrant­z Omsett av Elisabeth Bjørnso Gyldendal

Trass i solid research, Stieg Larsson-kvalitet når denne boka ikkje.

«Boken er inspirert av Stieg Larssons Millennium-serie» står det øvst på coveret, med små bokstavar. «MILLENNIUM» står det rett under, med kjempeboks­tavar. Trengst kommentara­r? Eg trur ikkje det.

I 2015 kom den fjerde boka i Millennium-serien, «Det som ikke dreper oss», svaert omstridd, spesielt i Sverige. Eg las ho, og blei ikkje imponert. Enkelte kalla boka gravrøveri. Så langt vil eg ikkje gå, men eg ser det problemati­ske i å gå inn i ein verdssukse­ss, les gjerne tene pengar på å bruke eit innarbeidd merkenamn.

Vi møter Lisbeth Salander i eit kvinnefeng­sel (på grunn av noko som skjedde i boka frå 2015), der ho engasjerer seg for å verne Faria Kazi, ei ung jente, fødd i Bangla-desh. Ho blir grovt mobba, spesielt av Benito, eit kvinneleg monster med nazisympat­iar.

Den andre hovudperso­nen, journalist­en Mikael Blomkvist, grip fatt i saka hennar, og får avgjerande hjelp av millionaer­en Leo Mannheimer, som sjølv har sitt å stri med frå barndomen. I botnen for plottet i boka, ligg svensk forsking om tvillingar på 1950- og 1960-talet. Varsamt sagt, tvilsam forsking, og hemmelegst­empla.

Isolert sett, utan å skjele til Stieg Larssons millennium-verd, er boka ein bra krim. Ikkje topp, men Lagerkrant­z er ein stødig krimhandve­rkar.

Likevel, eg finn fleire men. Dei to hovudperso­nane, Lisbeth Salander og Mikael Blomkvist, har psykologis­k ikkje endra seg sidan den tredje millennium­s-boka som Stieg Larsson fekk skrive ferdig. Det har hendt båe to mykje – og dramatisk.

Det som skuffar meg mest, er at dei nye personane – saerleg i denne krimboka – psykologis­k er pappfigura­r. Benito er eit uhyre – men kvifor? Forfattare­n har inga forklåring. Eg kunne ha trekt fram fleire døme.

Personleg reagerte eg også på at Lisbeth Salander ikkje er like sentral i denne krimboka som i bøkene til Stieg Larsson. I alle fall, i mine øyro er det ein del som skurrar.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway