Fædrelandsvennen

Sommarhuso­pplevingar

- BJARNE TVEITEN

NOVELLER «Blodbøksom­mer»

Vidar Kvalshaug Gyldendal

Vidar Kvalshaug har skrive romanar, barnebøker og ei reiseskild­ring, men det er novellesja­ngeren han handterer betre enn dei fleste norske forfattara­r i dag.

I 2013 las eg og omtala novellesam­linga «Trampoline­dans», ei samling som handla om foreldre/ barn, men spesielt om farsrollen.

«Blodbøksom­mer» er i endå større grad det eg vil kalle «tematisert» – alle novellene er direkte eller indirekte knytte til sommarhus/hytter. Medan eg, i små porsjonar, las denne novellesam­linga, kom eg til å minnast noko ein norsklaera­r på laerarskul­en i Kristiansa­nd på midten av 1960-talet sa: «Ei verkeleg god novelle skal på 20 sider fortelje like mykje som ein roman på 200 sider.» Akkurat det gjer dei 12 novellene som til saman fyller knapt 240 sider.

Eit sommarhus/ei hytte, eller – for den saks skuld – det gamle huset til ein beste- eller oldefar, har ei soge, eller fleire å fortelje. Ein slik bygning er ein død ting. I «Blodbøksom­mer» fortel Kvalshaug om skilsmisse­r som skaper trøbbel, om forsoning – og det motsette.

Ei enno ung jente og ein ung mann leitar etter stadane der dei som tenåringar opplevde – nei eg skal ikkje røpe meir. Vi laerer å kjenne ein musikar som, varsamt sagt, har eit turbulent liv bak seg.

Sterkast inntrykk gjer kanskje novella der to brør – etter å ha utestengt kvarandre – begynner å samtale medan dei reparerer eit skur som knapt heng i hop.

Eg skal ikkje seie meir konkret om novellesam­linga til Kvalshaug. Ei novelle skal handle om kort tid, ifølgje akademia. Kvalshaug bryr seg ikkje om den slags.

Ei novelle skal helst ha få (sentrale) personar. Kvalshaug følgjer, stort sett, denne regelen i samlinga si.

Men, ei novelle skal helst peike utover seg sjølv. «Antydninge­ns kunst» heiter det på konservati­vt bokmål. På nynorsk likar eg å bruke ordet hint. Eller påminning.

Eg let meg i høg grad imponere av novellesne­kkaren Vidar Kvalshaug.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway