Fædrelandsvennen

Endå meir gamalt or Setesdal

- TEKST: ODD-INGE RØNNING ULEBERG odd.inge.uleberg@fvn.no

Han var laekjar i Setesdal. No nytter Olav M. Holen (75) alderdomen til å gje ut bøker med gamle soger frå Valle og Bykle.

– Det meste er frå Torleiv Aakre av det eg no har samla mellom to permar. Han budde i Valle og var sogemann av det gamle gode slaget, seier Holen til Faedreland­svennen.

Det var Johannes Skard som skreiv vidgjetne «Gamalt or Setesdal» på slutten av 1800-talet. Olav M. Holen kaller sine bøker for «Meir gamalt or Setesdal».

Band ein kom for to år sidan og handla mykje om Bykle. No er han ute med band to og tre og mykje krinsar om det Torleiv Aakre opplevde på garden han vaks opp på i Valle.

MYKJE FRÅ AVISANE

Aakre skreiv ned omlag alt han hadde høyrt og fått med seg av soger og situasjona­r frå lokalmiljø­et. Mykje kom på prent i Agder Tidende og Faedreland­svennen før krigen.

Det er desse skriveria Olav M. Holen har samle og videreutvi­kla i bokform. Ein svaer jobb, ikkje minst språkleg.

– Eg har gått gjennom alle orda og skriv forklaring i parantes der det er naudsynt. Difor har det gått 2,5 år sidan siste boka, fortel Olav M. Holen.

Han takkar Torjus Uppstad som har digitalise­rt den store ordsamling­a etter Birgit K. Rike. Ho samla neste 50.000 dialektord, mange av dei temmeleg uforståele­ge for oss som lever i dag.

Kjell Erik Guddal har lest korrektur og vore hjelpemann til Holens bokverk.

Noko er skildringa­r av temmeleg uinteressa­nt kvardagspe­l, som til dømes eit lite kapitel om då dei flytta frå gamlestova til nystova. Men det er og soger om menn som møtte bjørn og soger om mange kjende setesdølar.

DRAUMKVEDE

Olav M. Holen er oppteken av at Torleiv Aakre skriv om Slarve-vilborg som levde på 1700-talet og som kunne heile «Dramkvede» utenat. Han meiner det er eit prov på at det kjende kvadet også har levd på folkemunne i Setesdal opp i gjennom hundreåra.

– Johannes Skard leita etter Draumkvede i dalen, men fann det ikkje. Eg trur han ville ha oppdaga restane om han hadde reist lenger nord i dalen. Han held seg mest i Bygland. Han burde nok ha reist meir i Valle, seier Olav M. Holen.

Om dette strir dei laerde, men Holen har si mening.

Bøkene til Holen er å få i lokale bokhandlar­ar og forlaget er Bokbyen forlag i Tvedestran­d.

 ?? FOTO: ODD-INGE RØNNING ULEBERG ?? Olav M. Holen er ute med andre og tredje band i serien sin «Meir gamalt or Setesdal».
FOTO: ODD-INGE RØNNING ULEBERG Olav M. Holen er ute med andre og tredje band i serien sin «Meir gamalt or Setesdal».
 ??  ?? Bøkene er i stor grad tufta på det Torleiv Aakre sendte til aviser som Agder Tidende og Faedreland­svennen.
Bøkene er i stor grad tufta på det Torleiv Aakre sendte til aviser som Agder Tidende og Faedreland­svennen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway