Fædrelandsvennen

Bli med inn i Odderøyas indre

Odderøyas venner tar oss med ned i de underjordi­ske militaeran­leggene på øya.

-

Han kan ikkje anna enn å smile eit grann, heidersman­nen Trygve Jokelid (66), når han tenkjer på sveltkatas­trofa som heldt på å råke hyttelands­byen på Gautestad i samband med flaumen i byrjinga av oktober. I året 2017.

Hyttefolke­t, eit par hundre i talet, tok det heile med fatning. Dei hadde bjørkeved på trammen, fisk i bekken, rennande vatn i krana – og meir enn nok av strøym i stikkontak­ten. Ljos i stoveglase­t.

TEIKN TIL EI KATASTROFE

Omstreifan­de bladfykar freista så godt dei kunne å fyre opp under situasjone­n. Vegen mellom Gautestad og Evje vart stengd. Ingen kunne kome til bygda for å handle korkje stomp eller mjølk.

Einskilde såg klåre teikn til ei dramatisk sveltkatas­trofe.

Trygve stod midt i stormen. Han stod midt i flaumen. Trøystande ord og ei hjelpande hand til alle som hadde bruk for slikt.

Det er slik me kjenner han. Det er slik han er bygd. Ikkje utan grunn at det var nettopp Trygve Jokelid som vart tildelt Evje og Hornnes kommune sin Frivilligh­etspris i 2016. Trygve skriv ikkje faktura med gaffel.

Alt som 24-åring tok han til som mjølkebond­e heime på slektsgard­en Åsen – omlag midtvegs mellom Evje kyrkje og Gautestad. Trygve og kjerringa bur framleis i Åsen, men no er det sonen Vidar som tek seg av sjølve gardsdrift­a.

– Eg var vel den fyrste her i kommunen som satsa på såkalla høgstandar­dhytter, seier Trygve utan at dette er dokumenter­t korkje i kultursoga eller kyrkjeboka.

I dag he han lagt ut kring 70 hyttetomte­r på Høgås, og meir enn 50 hytter er så langt bygd og teken i bruk. Etterspurn­aden er stor – og 40 nye tomter ligg alt klåre på teiknebret­tet.

– Det er mest venndøler og folk frå Kristiansa­nd som slaer rot her oppe på Høgås. Eit område som kan freiste med det som utan atterhald er det finaste skianlegge­t på heile Sørlandet.

Her finn du 13 mil, 130 kilometer, med maskinkøyr­de skiløyper rett utanfor stovedøra. Midt i dette løypenette­t finn du den majestetis­ke fjelltoppe­n Himmelsyna (649 m.o.h.). Ikkje veit eg om du kan sjå beint inn i Himmelen herfrå – men i fylgje toleg truverdige kjelder kan du frå toppen av Himmelsyna sjå havet ved Grimstad – og du kan sjå til heile 15 ulike kommunar på Agder.

HYTTEFOLK SOM EIN PEST

Trygve Jokelid såg tidleg ressursane og potensiale­t i turistnaer­inga. I hyttebyggj­inga. Ein framsynt og klårtenkt mann.

Me kan skru tida attende til tidleg på 70-talet.

Mange av Trygve sine sambygding­er såg den gong på hyttefolk, byfolk, som ein pest – og ei plage. Dei vakta eigen gard og grunn med vakent blikk.

Eg var vel den fyrste her i kommunen som satsa på såkalla høgstandar­dhytter.

Natt og dag. I helgene saerskild. Sjølv tyttebaert­uvene, kleggen og grevlingen vart passa på som om det skulle vere sjølvaste arvesylvet. Ikkje noko som helst måtte kome i hendene på inntrengja­rane frå Vågsbygd, Randesund eller Moseidmoen.

– I dag he me meir enn 1600 hytter i kommunen vår, seier Trygve og nøler ikkje eit einaste sekund når han understrek­er kor viktig ein ressurs detta er for bygda, for kommunen – og ikkje minst for kvar einskild grunneigar. Evje, Indre Agders største kjøpesente­r, hadde ikkje på noko vis hatt same posisjonen i dag hadde det ikkje vore for hyttebyane på Gautestad, Fjaelestad og Åpåsdal.

SMÅLÅTEN

Den årvisse landbruksm­essa «Naturligvi­s» på Evjemoen samlar 12.000-14.000 skodelystn­e kvart einaste sumar. Kva denne messa hadde vore utan Trygve Jokelid, vågar ein mest ikkje tenkje på. Kor mange dugnadstim­ar han legg ned her er det truleg berre Trygve, og dei naeraste pårørande som veit.

Han talar ikkje om slikt med andre enn seg sjølve. Smålåten, venesael og handlekraf­tig. Framsynt – og med båe føtene solid planta i barnetrua. Det er slik me kjenner Trygve Jokelid. Stødig som sjølvaste Himmelsyna.

– Eg trur nok dei fyrste hyttefolka som etablerte seg her oppe såg på oss infødde, bøndene, som ein merkeleg rase. Einstøinge­r – ein del av urbefolkni­nga.

– I dag er alt så mykje annleis. Mange av mine beste vener finn eg i dag i hyttefelte­t på Høgås. Her he eg samstundes skaffa meg min eigen arbeidspla­ss. Her he eg vonleg og skaffa gode verdfulle arbeidspla­ssar for komande generasjon­ar.

Mobiltelef­onen til Trygve gjev frå seg nokre merkelege lydsignal. Langt på veg eit eige stammesprå­k. Han svarar ikkje. Han blunkar ikkje. Framleis kvilepuls og kaffe i koppen.

– Å, det er berre ein venndøl som treng eit lass med grus på hyttetunet.

Flaumen reiste med det meste – men han slapp då unna å svelte i hel. Han ser framleis ut som han he vore heime til alle måltida. Venndølen.

 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ?? Trygve Jokelid (66).
FOTO: ØYSTEIN MOI Trygve Jokelid (66).
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway