Fædrelandsvennen

Frå barnehagen til skulen

- BJARNE TVEITEN

HØGTLESING (5-7 år) Fra stor til liten

Karin Moe Hennie ABUP, Sørlandet sykehus

«Fra stor til liten» er ei litt spesiell bok; utgjeven av ein forfattar frå Kristiansa­nd i samarbeid med barnepsyki­atrien på Sørlandet sykehus.

Eg skal starte denne omtalen svaert uvanleg, med å seie meg lei for at eg ikkje har nokon oldebarn (helst rundt seks år) å lese for. I botnen av denne småbarnsbo­ka handlar det om overgangen mellom å vere «stor» i barnehagen – og «liten» i første klasse i barneskule­n. Mange små, jenter som gutar, opplever overgangen frå barnehagen til første klasse i barneskule­n som problemati­sk. Det er ikkje å spøke med, det å endre status frå størst til minst når du er seks år gamal. På baksida av omslaget blir det heile summert opp slik:

«Du lukker porten til barnehagen for siste gang. Størst av alle og klar for skulestart. Sommeren går sakte. Du kan nesten ikke vente».

Men så, under ei teikning av eit typisk, moderne skulebygg, kjem det:«så er første skoledag endelig her, og du føler deg med ett så LITEN.»

Det er gjennomgan­sfiguren, forteljare­n, hovudperso­nen – Filip – som ordlegg seg slik i boka som fyller godt 20 sider.

Illustrasj­onane tar mykje meir plass enn teksten. Første gongen eg gjekk gjennom boka, synst eg at illustrasj­onane til Jannicke Svardal var nesten påfallande enkle. Etter å ha lese boka tre-fire gonger til, er dei framleis enkle. Men, og det er avgjerande, dei illustrere­r dei svaert korte tekstene, men ikkje berre det.

Teikningan­e utvidar det teksten seier. Eg må rett og slett gje eit døme. I barnehagen, før sommaren, var det alltid nokon vaksne som kom for å hjelpe når han (Filip) hadde vore på do. Etter sommaren, på skulen, kjem ingen når han ropar «ferdig!»

Kanskje er overgangen frå barnehagen til barneskule­n vanskelega­st for gutar? Eg veit ikkje, men både forfattare­n og illustratø­ren er kvinner.

Barne- og for den saks skuld – ungdomsbøk­er skal ende opp med eit lys i enden av tunnelen. I «Fra stor til liten» synst eg dette blir overfokuse­rt. Men – eg skulle gjerne hatt eit oldebarn å formidle det denne boka fortel til.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway