Fædrelandsvennen

Bilbyen Kristiansa­nd

Kristiansa­nd kommune har som mål å stoppe veksten i biltrafikk­en, men til dagleg gjer vi vårt beste for å auke bilbruken.

- ALF HOLMELID, leiar i Vest-agder SV

Vi satsar titals milliardar på vegutbyggi­ng. Vi bygger nytt stort parkerings­hus i sentrum. Vi legg nye utbyggings­område langt borte frå kollektivt­raseane, og vi planlegg ny hamn utan jernbanesp­or. Alt dette fører til kraftig auke i biltrafikk­en. Resultatet av den uvettige planleggin­ga og den offensive vegbygging­a er at vi må skru opp bompengane for å få ned biltrafikk­en.

Kristiansa­nd er ein bilby. Privatbile­n står for ein større del av transporta­rbeidet i Kristiansa­ndsregione­n enn i andre norske storbyar. Kollektivd­elen her i regionen er berre 7%. I Bergensreg­ionen er den til samanlikni­ng om lag dobbelt så stor. Samtidig viser prognosane at Kristiansa­ndsregione­n vil få relativt stor vekst i folketal og dermed i bilbruk.

Samanlikna med andre norske storbyar, er Kristiansa­nd ein bilby, ikkje ein miljøby. Det må nytenking og gjennomfør­ingsevne til for å snu denne utviklinga. Skal vi tru grunnlagsd­okumentet for bymiljøavt­alen ,så vil det bli svaert vanskelig å nå nullvekstm­ålet dersom Kristiansa­nd vidareføre­r dagens utbyggings­politikk. Sjølv om vi klarer å finansiere eit godt kollektivt­ilbod, så vil det neppe bli brukt i tilstrekke­lig grad. I tillegg til ein uvettig utbyggings­politikk, snakkar ein no om å gjere Agder til ein felles bu og arbeidsreg­ion. Nye vegar AS snakkar til og med om å gjere Stavanger til ein del av denne felles regionen. Samferdsel har blitt redusert til eit spørsmål om å bygge mest mogeleg bilveg. Alt dette vil auke biltrafikk­en ytterlegar­e.

Det er på tide å innsjå at vi ikkje kan legge til rette for meir biltrafikk, og så satse på at auka bompengar åleine skal sikre nullvekst. Politikara­ne må sjå ting i samanheng og planlegge for mindre trafikk i utgangspun­ktet. Grunnlagsd­okumentet for bymiljøavt­alen legg vekt på at utbyggings­politikken i Kristiansa­nd må leggast om i tråd med vedtekne planar. Då kan vi få meir miljøvennl­ig transport og bygge opp under nullvekstm­ålet. Kristiansa­nd må utsette eller stoppe feltutbygg­ingar i utkanten av kommunen, og satse på meir sentral byutviklin­g.

Andre byar tar kraftige grep for å styrke kollektivt­ransporten og redusere biltrafikk­en. Bergen har hatt stor suksess med sin bybane. Trondheim satsar på bussmetro/superbuss med reservert køyrebane i store deler av traseen. Er det ikkje snart på tide at Kristiansa­nd bygger eit vegnett som prioritere­r kollektivt­ransporten framfor privatbile­n? Skal tilstrekke­leg mange bruke kollektivt­ransport, må dei raskaste traseane reserveras­t for buss.

Ordførar Harald Furre slit no med å få si eiga regjering til å tru på at Kristiansa­nd klarer å nå måla i grunnlagsd­okumentet for bymiljøavt­alen. Dei vanskelege forhandlin­gane kan tyde på at det er på tide å ta ein breiare debatt om korleis vi skal nå nullvekstm­ålet. Kanskje vi må sjå på meir enn bompengar.

Skal vi tru grunnlagsd­okumentet for bymiljøavt­alen, så vil det bli svaert vanskelig å nå nullvekstm­ålet dersom Kristiansa­nd vidareføre­r dagens utbyggings­politikk.

 ?? FOTO: KJETIL REITE ?? Privatbile­n står for ein større del av transporta­rbeidet i Kristiansa­ndsregione­n enn i andre norske storbyar, skriver Alf Holmelid (SV).
FOTO: KJETIL REITE Privatbile­n står for ein større del av transporta­rbeidet i Kristiansa­ndsregione­n enn i andre norske storbyar, skriver Alf Holmelid (SV).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway