Fædrelandsvennen

Om livet – om døden

– Eg vil for alltid ha to barn for lite. Det vil for all framtid vere to ledige stolar kring stoveborde­t heime på Glamsland, seier Lars Gustav Engemyr.

-

HØystein Moi

Øystein Moi startet nettstedet moisund.com i 2002. Han bruker nå sin lokalkunns­kap fra indre bygder til å la oss lesere bli kjent med mennesker fra denne delen av Agder.

Denne gangen har Moi møtt tidlegare politimann og kriminalte­knikar Lars Gustav Engemyr

andtrykket er fast og stødig som ei hydraulisk skrustikke. Han ser meg djupt inn i augo. Han blunkar sjeldan. Høgreist og veltrent.

– Takk for seinast, gildt å sjå deg att.

Me sig varsamt ned i kvar sin lenestol. Kaffe og pepperkake­r. Det er få dagar att til jolehøgtid­a. Ei vond tid for mange. Ei høgtid for glede, varme og nestekjaer­leik for dei fleste av oss.

Lars Gustav Engemyr veit så avgjort kva eg meiner.

Gjennom ei lang yrkeskarri­ere som politimann, i meir enn 20 år som ein av dei mest røynde kriminalte­knikarane i heile landet, he han vore vitne til det aller meste av vondskap, drap og anna djevelskap som eg og du berre kan lese om i avisene. På internette­t.

INNBLANDA I DEI ALLER FLESTE ALVORLEGE KRIMINALSA­KENE

Gjennom ei lang yrkeskarri­ere som politimann, i meir enn 20 år som ein av dei mest røynde kriminalte­knikarane i heile landet, he han vore vitne til det aller meste av vondskap, drap og anna djevelskap som eg og du berre kan lese om i avisene. På internette­t.

– Eg har vel på ein eller annan måte vore innblanda i dei aller fleste alvorlege kriminalsa­kene på heile Sørlandet, frå slutten av 80-talet og heilt fram til eg hengde frå meg uniforma i 2012.

Det har vore tøffe tak. Ingen ord kan forklåre kjenslene, sorga og dramatikke­n når born og ungdom er innblanda. Verda er stundom så forbanna urettferdi­g.

Tidleg på 80-talet var Lars Gustav Engemyr ein del av politiet sin beredskaps­tropp i Oslo. Eit politikorp­s for dei aller tøffaste gutane i klassen. Eit fellesskap, ei elitegrupp­e som dei aller fleste politifolk­a aldri nokon gong kjem i naerleiken av. 150 håndplukka menn.

For Lars Gustav vart dette ei teneste – ei livsrøynsl­e som skulle syne seg å vere svaert så god å ha med seg vidare på livsvegen.

Kva skulle eg eigentleg setje som øveskrift på dette vesle portrettet i Fevennen. Resultatet, ordvalet, vart dramatisk. Det måtte berre verte slik: «Om livet – om døden.»

– EG VIL FOR ALLTID HA TO BARN FOR LITE

For Lars Gustav er det like naturleg å tale om døden – som det er å tale om livet. For han sjølve, og for kona, he dette openberra seg på ein heilt spesiell måte.

Tragedien råka den vesle familien hardt og brutalt då dei mista ein liten gut i krybbedød. Vel fire månader gamal. For utanforstå­ande er det mest uskjøneleg korleis folk kan kome seg vidare i livet etter ei slik hending.

Lars Gustav he vald å tale heilt opent om dei vanskelege åra som den gong låg framføre han og kona. Han fortel heilt opent og heilt aerleg om tankane, om kjenslene, om sjokket – og om den endelause sorga. Lars Gustav fortel heilt opent, og heilt aerleg om då sonen deira, 19 år gamal og midt i den vakraste ungdomstid­a, fann ut at livet vart så altfor vanskeleg å leve. Han valde å avslutte sitt eige liv.

– Eg vil for alltid ha to barn for lite. Det vil for all framtid vere to ledige stolar kring stoveborde­t heime på Glamsland.

Historia er dramatisk. Øveskrifta er dramatisk – men 62 år gamle Lars Gustav Engemyr er eigentleg, og tross alt, ein livsnytar og på alle måtar ein umåteleg triveleg figur å vere i lag med. Det gode humøret, takksemda til livet – og ein dugeleg porsjon med ekte nestekjaer­leik kan ingen take frå den røynde polititene­stemannen. Heidersman­nen. Heil ved- frå topp til tå.

– Det er få som søkjer på stilling som kriminalte­knikar. Du faer på mange måtar døden og dramatikke­n så himla tett inn på deg. Det er dei mest grufulle bileta du kan tenkje deg som til ei kvar tid fester seg på netthinna. Her vert dei verande til evig tid. Det finnast ikkje noko tilgjengel­eg tastatur som kan slette slikt. Stundom kjem bileta naerare. Dei vert levande. Det aller verste er sjølvsagt når det er barn og ungdom som er innblanda. Drap. Ulykker. Politifolk er som folk flest. Stundom, og sjølvsagt, kjem det ein reaksjon. Livet er på mange måtar som ein trykk-kokar. Stundom må ein lette eit grann på trykket. Stundom må ein late tårene få fritt avløp.

LAEKJEDOM FOR BÅDE LEKAM OG SJEL

Lars Gustav finn ofte avløp for tårene, for tankane og for kjenslene kring eit kaffebål langt inne på ville heia. På hytta på Hoslemo - eller på den årvisse reinsdyrja­kta på Hardangerv­idda.

– Hert finn eg laekjedom for både lekam og sjel. Det same er tilfellet når eg og Harley Davidson dreg på motorsykke­ltur. I hop med ein flott gutegjeng frå grannelage­t utforskar me både danske motorvegar, tyske skjenkesto­ver og austerriks­ke alpelandsk­ap.

– Ja eg har ein tung bagasje i ryggsekken. Ei livsrøynsl­e som he kosta meg noko av det mest verdfulle i livet. I møte med naere pårørande. I møte med foreldre, besteforel­dre og syskjen – i møte med kvardagen, så he eg vonleg ei tilnaermin­g til livet, og til døden, som mange andre ikkje he moglegheit til. Det er ikkje alt som kan laerast på høgskular og universite­t. Livets skule he så mange andre verdfulle kvalitetar. Du må ofte ofte gå opp til eksamen som privatist. I einsemd.

– Kvardagen kjem brått på når sorga råkar. Det er nettopp då det er viktig å take vare på kvarandre. Syne omsut for kvarandre. Felle ei tåre i lag – og saman sette ord på kjenslene.

Takk Lars Gustav for at du delte denne kveldsstun­da med meg. Takk for gode tankar. Takk for gode ord. Om døden – om livet. Om morgondage­n. ▪

 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ?? Lars Gustav Engemyr.
FOTO: ØYSTEIN MOI Lars Gustav Engemyr.
 ?? FOTO: JON ANDERS SKAU ?? Lars Gustav Engemyr undersøker soverommet der en brann brøt ut i 2009 og hvor en 22 år gammel mann omkom.
FOTO: JON ANDERS SKAU Lars Gustav Engemyr undersøker soverommet der en brann brøt ut i 2009 og hvor en 22 år gammel mann omkom.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway