Fædrelandsvennen

Thyra Beathe Ågedal til minne

- ANNA UBOSTAD, DEN MELLOMSTE DER OPPE.

●●Det gjekk ein sti gjennom enga i Laeja, mellom Der Nede og Der Oppe. Der Nede hadde telefonsen­tralen i Selandsdal­en. Fekk vi Der Oppe telefon måtte ei av dei 5 jentene Der Nede springa opp Laeja og henta oss ned. Oftast var det Aslaug eller Thyra. Turen vart gjerne forlenga med prat på tunet vårt. Margith, Elisabeth og Sigrid var mykje eldre enn oss og ”uaktuelle” som leikekamer­atar. Men alle jentene Der Nede var ordrike alt då!

Thyra hadde livleg fantasi. Ho og min rolege farfar Goa vart gode venner. Også onkel Tobias Ubostad kosa ho seg med. Ho fekk han til å synga, nokon ingen hadde opplevd før. Han budde på Helle i Konsmo. Då ho arbeidde med filmen om barnevandr­ingane fekk ho han med. Han ordna seg til med hest og slede og gamle arbeidskle­de. ”Tenk at eg skulle gå til filmen” sa han og lo . Typisk for Thyra dette? Ivrig oppteken av noko kunne ho få dei fleste med på laget.

Ho var kreativ. Vi fekk henne til å teikna papirdokke­r og fargerike klede til dei. Vi sat rundt henne og lurde på kva ho fann på i dag!

Men også større tiltak sto ho for. Som barnedåp i det nye leikehuset vårt og bryllup ute i den gamle hagen. Trur ho begge gongene sjølv var prest og slik hadde kontroll på alle aktørane. Ho ga Jorunn, Torgeir og meg spesielle barndomsmi­nne!

Ho var 9 år eldre enn meg. Etter kvart mista vi den naere kontakta. Men vi gledde oss over at ho og kjekke Reidar Ågedal fann kvarandre og at dei fekk ein livleg heim saman.

Thyra engasjerde seg i mykje. I kulturpoli­tikk i Audnedal kommune, i restaureri­ng av gamle bygg, i nye måtar å ta gamle ting i bruk på. Barnevandr­ingane i dei indre bygdene har blitt levande historie lokalt og nasjonalt gjennom hennar innsats, ikkje minst ved merking av stiane og ved filmen om vandrarane.

Dei siste åra var ho mykje sjuk. Likevel stilna ikkje latteren og heller ikkje den positive nysgjerrig­heta. Ho ringde for ikkje så lenge sidan og var levande oppteken av å ta vare på eit originalsk­riv av Gabriel Scott. Kor langt ho kom med det veit eg ikkje.

Det var så rart å få telefon frå Aslaug om morgonen 29. november, at Thyra døydde den natta. Eg skjønar ikkje at ho er borte. Smilet berre bryt fram når eg tenkjer på henne, eg høyrer latteren og den engasjerde taleflomme­n om viktige ting. Og eg blir fylt av glede over å ha kjent henne og gjennom henne fått sjå kor mykje eit enkeltmenn­eske som bryr seg kan få til.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway