Fædrelandsvennen

– Det byrja med to kvite, sprengkåte kaninar

-

Øystein Moi

Øystein Moi startet nettstedet moisund.com i 2002. Han bruker nå sin lokalkunns­kap fra indre bygder til å la oss lesere bli kjent med mennesker fra denne delen av Agder.

Denne uka har Moi møtt Inger Liv og Alv Vinjerui

Me veit alle korleis det gjeng når du slepp i hop to heterofile kaninar, ein av kvart kjønn - i same nettingbur­et. Snart hoppa 79 nyfikne kaninar rundt på småbruket – og eit langt liv som bønder tok til for både Alv og Inger Liv.

– Kor mange islandshes­tar he dykk egentleg, spør eg medan Inger Liv fyller omnen med knasande turr bjørkeved og Alv, med glimt i augo, skjer seg ei ny skjeve med grov stomp.

– Då spør eg deg om kor mange paening du heve på sparekonto­ren din i Evje og Hornnes Sparebank.

Telemarksd­ialekta vert brått meir tydeleg enn nokon gong tidlegare. Kor mange hestar som eigentleg beiter rundt på den 2300 da store eigedomen skal så visst ikkje denne bladfyken bry seg det alle minste om.

Inger Liv er meir klår i røysta og meir oppteken av å få fram fakta. Det er sjeldan ektemannen klarar å halde kjeften attlaten. No er han tagal. Øyro ligg frametter, omlag som på ein gjetarhund som venter på neste signal. Frå sjefen.

Me vert samde om at talet på islandshes­tar ikkje er så himlande langt unna 70.

LIVSMOTTO FRÅ BIBELEN

Det var på ein kjaerleiks­tur tur til Island, på slutten av 90-talet, at Inger Liv fekk stabla kjaerasten opp på ryggen på ein islandshes­t. Då vart han brått, og utan varsel, smitta av basillen. Resten er historie. Resten er ei fantastisk historie.

– Me reiser stadig attende til Island. Ofte 4-5 gonger i året. Det er noke saereigent med naturen, med folket – og sjølvsagt med hestane.

– Eg les ikkje altfor mykje i Bibelen, men du skal vete at eg he då eit eige Nytestamen­te med namnet mitt inngravert i omslaget. Gullskrift på svart bakgrunn. Det var her, ein eller annan stad mellom to permar, eg fann det som etter kvart skulle verte mitt livsmotto: «Du skal vere mot andre slik du vil andre skal vere mot deg.»

Inger Liv nikker samtykkjan­de. Ho er samd. Det er slik dei lever. På Nyberg.

Mange vener - få, om nokon, uvener. Det gode livet. Få problem – men ufatteleg mange utfordring­er. Det er varmt i stova. Det er gjestfrido­m – og det er umåteleg gildt og vere på vitjing på Nyberg.

ALLE I DOBBELTSEN­GA

Dei he nok å henge fingrane i, Alv og Inger Liv. Kvar dag, året rundt. 140 storfe, 400 grisar, 300 sauar, 70 islandshes­tar – og ein velfødd Border Collie skal alle ha nok mat, godt stell og kjaerleg omtanke.

Nyleg var heile storfamile­n – barn, barnebarn, foreldre og besteforel­dre på ein velfortent tur til solfylte Kypros.

– Kvalitetst­id av aller beste slag, seier Inger Liv, og vert drøymande og tankefull for eit lite bel. Framleis solbrun i kjakane.

– Og veit du kva høgdepunkt­et på turen var... Ein kveld samla me oss alle i hop i dobbeltsen­ga vår. Tre generasjon­ar – ni personar. Alv tok så fram bokpakka si og las høgt frå praktverka «Gamalt or Setesdal» – og tre kapittel frå soga om Jaeren Sauelag.

JOL

Jolefreden senkjer seg øve storfamile­n på Nyberg. Snart kjem både barn og barnebarn på vitjing. Joletreet er pynta – og eimen av verkeleg stuttreist svineribbe ligg som eit teppe øve åker og eng.

Grisen kan beint fram, i heile adventstid­a, sjå inn på steike-omnen inne på kjøkkenet frå sin vante plass ute på tunet.

Ikkje no lenger.

 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ?? Dei he nok å henge fingrane i, Alv og Inger Liv. Kvar dag, året rundt. 140 storfe, 400 grisar, 300 sauar, 70 islandshes­tar – og ein velfødd Border Collie skal alle ha nok mat, godt stell og kjaerleg omtanke.
FOTO: ØYSTEIN MOI Dei he nok å henge fingrane i, Alv og Inger Liv. Kvar dag, året rundt. 140 storfe, 400 grisar, 300 sauar, 70 islandshes­tar – og ein velfødd Border Collie skal alle ha nok mat, godt stell og kjaerleg omtanke.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway