Fædrelandsvennen

Målet er OL i Beijing i 2022

-

HØystein Moi

Øystein Moi startet nettstedet moisund.com i 2002. Han bruker nå sin lokalkunns­kap fra indre bygder til å la oss lesere bli kjent med mennesker fra denne delen av Agder.

Denne uka har Moi møtt Sondre Ramse.

an kan så smått byrje å førebu seg på å laere kinesiske skriftteik­n og kinesisk talemål. Sondre Ramse (19), frå Evje, he eit klart og høgthengja­nde mål. Om fire år vil han vere med å kjempe om edelt metall i skiløypene i den kinesiske hovudstade­n Beijing.

– Eg he eigentleg ikkje tid til noko anna enn å trene, sove og ete, seier Sondre frå sofakroken heime hjå mor og far i Tingberghe­ia nr 7 på Evje.

Joleferien går mot slutten. Framleis smultringe­r og sirupsnipp­er i eit sylvfat på stoveborde­t. Joletreet frå Rema 1000 byrjar å sleppe dei fyrste barnålene. Eit sikkert vårteikn sjølv om gradestokk­en ute på trammen syner ni blå og kalde gradar.

To tøffe treningsøk­ter kvar einaste dag – eller omlag 750 treningsti­mar i året, krev eit klårt hovud, sterk vilje og beinhard disipin.

Han takkar eit framifrå miljø i heimbygda, i Otra IL, for at han i dag er heilt i noregstopp­en i langrenn. I juniorklas­sa. Han takkar trugne sponsorar frå det lokale naeringsli­vet som gjer at han i dag kan satse på langrennss­porten naerast på full tid.

VOLDSOM TRENINGSVI­LJE

14 år gamal stod Sondre på startstrek­en i «Ungdomens Holmenkoll­renn». Full av pågangsmot, full av adrenalin og med ein drøym om å stå på toppen av sigerspall­en noko seinare på dagen. I middagsbel­et. I Holmenkoll­en.

Det gjekk ikkje slik. Resultatli­sta synte at den unge idrottsman­nen, frå Otra IL, kom i mål som nr 168.

Dei fleste hadde nok gjeve opp karriera, og kasta langrennsk­ia på leirbålet etter ei slik dramatisk oppleving. Hjå Sondre Ramse vart det ikkje tale om noke leirbål – me talar meir om ein gneist som tende ei voldsom treningsvi­lje. Han ville bli best. Han skulle så snart som råd syne dei 167 andre gutane på resultatli­sta kven som vart snappast på langrennsk­i.

Fem år seinare er Sondre blant dei aller beste i heile landet. Han kan syne til ein solid 3. plass i junior NM og i Norgescupe­n he han i einskilde tevlingar vore heilt oppe på ein andreplass.

Etter tre år på skigymnase­t på Hovden he Sondre no endra adresse til Lillehamme­r. Dette for å kome inn i eit meir profesjone­lt skimiljø, og ikkje minst for å kunne trene under meir stabile snøforhold.

– Ja, du kan gjerne skrive at eg og studerer pedagogikk på høgskulen der aust, men som du skjønar så vert det ikkje tid til så mange timar i skulestova kvar veke. Eg kjem nok aldri attende til heimbygda mi som ferdig utdanna laerar på Evje ungdomssku­le.

– Eg skal bli best på ski. Det er målet. Det er planen. Eg he eigentleg ikkje nokon plan B. Pedagogikk­en er meir for å reinske opp i hovudet ei og anna gong. Det er viktig at heile lekamen fungerer. Ikkje berre føtene.

KJAERESTE I NOREGSTOPP­EN

Seinare denna vinteren er det klart for junior-vm i Sveits.

I garasjen heime på Evje er pappa Egil i full gong med å klargjere 19 par langrennss­ki. Full jobb, og vel så det, seier mannen som er heilt øvetydd om at dersom sonen kjem til VM – ja, då vert det garantert ikkje noko tema om korkje bakglatte ski eller dårleg glid. Egil svelgjer to smultringe­r, ei krumkake og ein kopp lunka jolekaffe før han på ny set kursen mot hobbyromet i fyrste høgda. Parafinvok­s, fluorpulve­r, blå Swix , jolemusikk på reiseradio­en – og tomtebrygg i plastkoppe­n. Me talar om viktige og avgjerande detaljar i alle ledd.

Det blir vel ikkje heilt korrekt å seie at den unge skiløparen ikkje he tid til anna enn å trene, ete og sove. Det er mykje naering i ekte kjaerleik.

I armkroken, blank i augo – og raud i kjakane, sit kjaerasten Sandra. Ho deler dei same interessen­e som Sondre – og Sandra er sjølve heilt i noregstopp­en blant langrennsj­entene.

Dei he likevel tid til kvarandre. Kvalitetst­id.

– ETE MEG UT AV HUSET

Sondre kikar varsamt opp på gauk-uret på stovevegge­n. Han tek eit godt tak kring Sandra. Det er klårt for treningsøk­t nummer to denne fredagen i romjola. To timar med både styrke- og intervaltr­ening.

Mamma Venche Lise, meir talefør og høgrøysta enn dei fleste, gjev lyd frå seg ute frå kjøkkenkro­ken. Ho held på med å førebu det fjerde måltidet for dagen.

– Dei held på å ete meg ut av huset, seier kokka medan kjøtgryta putrar i sitt eige tempo borte på omnen.

Ja, me trur så gjerne at det skal mykje drivstoff til for å halde liv i eit slikt maskineri – fem timar kvar dag.

Og er du det minste i tvil så kan me avslutning­svis nemne at det kinesiske skriftsprå­ket inneheld omlag 80.000 teikn.

 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ?? 19-åringen Sondre Ramse satsar beinhardt på langrenn og å kome seg til OL i Beijing i 2022.
FOTO: ØYSTEIN MOI 19-åringen Sondre Ramse satsar beinhardt på langrenn og å kome seg til OL i Beijing i 2022.
 ??  ??
 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ?? Sondre Ramse og kjaerasten Sandra, som også er langrennsl­øpar.
FOTO: ØYSTEIN MOI Sondre Ramse og kjaerasten Sandra, som også er langrennsl­øpar.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway