Fædrelandsvennen

Vi kan ikkje friskmelde klimaet

- JAN KLØVSTAD, gruppeleia­r for Venstre i Aust-agder fylkesting

Alf Melling både overtolkar og delvis feiltolkar ein forskingsr­apport om klima iles ar innlegg i F a ed re landsvenne­n.

●●Melling skriv at «Rapporten konkludere­r med at IPCC (Klimapanel­et) har tatt feil når det gjelder klimabudsj­ettet som de har brukt i sine beregninge­r. Verden kan slippe ut fire ganger mer CO2 og likevel klare de oppsatte klimamålen­e. Vi har altså mer tid på oss. Rapporten mer enn antyder at Klimapanel­et ikke har forstått klimasyste­mene fullt ut».

Melling naermast avskriv alle klimautfor­dringa nei innlegget sitt, og nemner at seniorfors­kar Glen Peters i Cicero er ein av forskarane bak rapporten. Eg stussa på det Melling skriv, og tok derfor kontakt med CICERO Senter for klimaforsk­ning, Norges fremste institutt for tverrfagli­g klimaforsk­ning.

Eg har fått dette svaret frå CICERO:

”Forfattare­n har over-tolka og delvis feil-tolka den vitskapleg­e artikkelen det blir vist til. Han har rett i at artikkelen viser at verda kan sleppe ut meir CO2 innanfor eit klimamål på 1,5 gradar Celsius enn tidlegare utrekninga­r som er med i IPCC sine rapportar har vist, men i forhold til nødvendig innsats for å nå klimamål på 1,5 gradar eller 2 gradar frå Paris-avtalen er denne skilnaden ikkje så viktig. I alle høve er ein rask og stor reduksjon av klimagass-utsleppa nødvendig. Den nye artikkelen viser også at ulike måtar å rekne ut ”karbonbuds­jettet” på kan føre til relativt store utslag. Den viser ikkje ”… at Klimapanel­et ikke har forstått klimasyste­mene fullt ut». Det er eit problem med konseptet ”karbonbuds­jett” ettersom det ikkje finst ein omforent og konsis definisjon. Andre problem med dette konseptet er at andre klimagassa­r enn CO2 i utgangspun­ktet ikkje er inkludert, og at bruken av teknologia­r som karbonfang­st og –lagring, og ulike teknikkar for negative utslepp, vil påverke ”karbonbuds­jettet”.”

I tillegg skriv CICERO at det var forskarane Jan S. Fuglestved­t og Ragnhild B. Skeie som var medforfatt­arar, ikkje Glen Peters. Så her var det mykje feiltolkin­g.

Stoda er nok den same for klimaet og miljøet vårt, same kor mykje ønsketenki­ng Alf Melling har lagt inn i si personlege fortolking av rapporten.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway