Fædrelandsvennen

Maria var ikkje jomfru

- SVERRE OPEDAL, Kristiansa­nd

I ein del seriøse aviser hevdast det at bibelens Maria ikkje var jomfru – likevel.

●●Professor Halvor Moxnes nemner i ein artikkel kven som var Jesu’ far, og nemner ulike historiske spekulasjo­nar. Han kunne også ha nemnt teorien om at Maria var blitt befrukta av den heilage ande gjennom øyre (!) – fordi det trass alt måtte ha skjedd gjennom ein kroppsopni­ng! Men Maria var ikkje jomfru. Det står ikkje i den opprinnele­ge, hebraiske teksten. Det fortel filologane oss. Der nemnes det at ho var almåh, som betyr «ei ung kvinne i den alderen at ho kunne få barn». Då dette seinare vart oversett til gresk, fantes ikkje eit slikt ord, og man valgte parthenos som betyr «jomfru». Dette vart standard i Bibelen, av gode grunnar har man oppretthal­de denne «fake translatio­n». Dermed burde saka vera «løyst: - inga jomfru Maria!» Viss eg hugsar rett vart jomfrudome­n i teorien banka inn på kyrkjemøte nokre hundre år etter år 0. Meir om religion: Som eg har nemnt fleire gonger før, fins det om lag 7-8000 religionar på jorda, blanda med mytologiar. I den norrøne religionen/mytologien var det kanskje om lag 100 gudar og eser. Slik kan vi truleg gange 7-8000 med om lag hundre eller meir. Det blir mange gudar! Korleis kan alle desse eksistere her på jorda? Men det kan dei slett ikkje heller. Korleis? Min påstand: Alle saman fins neppe andre stadar enn inni hovudet på folk! Slik er det nok også med kristendom­men.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway