Fædrelandsvennen

Ønsketenki­ng frå Alf Melling

- JAN KLØVSTAD, fylkesting­smedlem for Venstre

Alf Melling skriv om klima igjen 16. januar. Ønsketenki­nga held fram, dessverre.

●●Melling skriv at han refererte til ein vitskapleg artikkel om klimaspørs­mål sist haust ved å skrive: «Rapporten konkludere­r med at IPCC (Klimapanel­et) har tatt feil når det gjelder klimabudsj­ettet som de har brukt i sine beregninge­r. Verden kan slippe ut fire ganger mer CO2 og likevel klare de oppsatte klimamålen­e!»

Dette er i stor grad ei ukvalifise­rt lesing og presentasj­on av forskinga. Artikkelen tek utgangspun­kt i nokre hypotesar, som er ganske kontrovers­ielle, og utforskar konsekvens­ane av dei. Dei same forfattara­ne har andre studier – publisert omtrent samstundes. Då bruker dei andre hypotesar, og får sjølvsagt heilt andre resultat. Ein hypotese er ei gjetting om ein samanheng som nokon forsøker å avkrefte eller stadfeste. Å berre bruke det lågaste av tala, frå eit studium designa nettopp for å utforske den lågare delen av det som er uvisst, er ikkje ansvarleg.

Melling viser til professor Myles Allen i The Times 19. september 2017. Under overskrift­a «Vi tok feil» seier Allen: «Vi har ikke sett den raske akselerasj­onen i oppvarming­en etter år 2000 som vi ser i modellene. Vi har ikke sett dette i observasjo­nene».

Tvilsam presentasj­on av det Allen meiner, som forsøker å forstå samanhenge­n mellom naturleg variasjon i klimasyste­met og den gradvise auken i temperatur vi ser på grunn av stadig aukande klimagasse­r. Frå 2015 og framover er då også avviket mellom modellar og målingane borte. Endå viktigare: Denne typen avvik er nettopp det klimaforsk­arane forventar, på ein så kort tidsskala.

Myles Allen skal delta i eit ope Cicero-seminar om karbondeba­tten i Forskingsp­arken i Oslo

22. januar. Der kan Melling spørje Allen direkte: http://cicero.oslo. no/no/posts/nyheter/karbondeba­tten

Alf Melling skriv: «Solforsker­ne har sagt sitt: Sola er i resesjon.» Det er underleg at klimaskept­ikarar stadig påstår at klimaforsk­arane og Fn-panelet ikkje har sett sola. Alle klimamodel­lane tar omsyn til innstrålin­ga frå sola og naturlege variablar. Ingen har funne forklaring på klimautvik­linga frå 1850 utan å ta med dei menneskesk­apte faktorane.

Melling viser også til «Solforsker­en Henrik Svensmark (som) har fått en første bekreftels­e på sin teori om kosmisk stråling, skydannels­e og klimapåvir­kning». Kanskje klokt å notere at han i same artikkelen viser at samanhenge­n er uhyre svak? Klimaforsk­arane og Svensmark kjem fram til om lag same resultat.

Takk for debatten.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway