Fædrelandsvennen

Losjemøte på Hommeslett­a

-

DHERMETISK LUKKA Øystein Moi

Øystein Moi startet nettstedet moisund.com i 2002. Han bruker nå sin lokalkunns­kap fra indre bygder til å la oss lesere bli kjent med mennesker fra denne delen av Agder.

Denne uka har Moi møtt gjengen på Homesletta i Øvrebø.

et er ein av desse kalde snøtunge vinterkvel­dane, midtvegs i januar. Dei aller fleste av oss he rydda bort jolepynten for denne gong – og dei siste restane av småkaker, heimebaka stomp og glutenfrie smultringa­r he hamna på fuglebrett­et like utanfor kjøkkengla­set.

Lokale medier er mest oppteken av korleis «fiffen» i Kristiansa­nd, med sine velformule­rte kjaerteikn, vil bruke hundrevis av millionar med kommunale kroner på ein vasstrukke­n og halvroten betongsilo på Odderøya. Tabloidpre­ssa er oppteken av heilt andre kjaerteikn. I Arbeiderpa­rtiet.

Bladfyken er høgtideleg invitert til eit naerast hermetisk lukka losjemøte, på Hommeslett­a i Øvrebø. Eit fantastisk miljø. Heilt utan snobberi og smaklause kjaerteikn av noko slag.

Øyvind Lien, den vidgjetne bilseljare­n frå Mosby, er president i samskipnad­en og han ynskjer møtelyden hjarteleg velkomen. Klokka he nett passert 19. Her samlast dei kvar einaste onsdagskve­ld i heile vinterhalv­året. Ei felles interesse for store, veltrimma motorsykla­r er sjølve limet i forsamling­a.

– Dei fleste av oss kjem her for den gode samtalen, for dei gode historiane – og for å nyte eit godt måltid med konfekt, kveiteboll­ar og kakemenn. Eit måltid i hop med gode vener. Ja, eg sa dei fleste av oss, for dei som køyrer Harley Davidson he sjeldan tid til slikt. Dei må nytte kvart einaste ledige minutt til reparasjon­ar og naudsynt vedlikehal­d. Seier Øyvind.

UNDERLEG FORSAMLING

Det er på mange måtar ei underleg forsamling. Velfødde, vaksne gutar med heilt ulik yrkesbakgr­unn. Her finn du ein direktør frå oljebransj­en, ein vaktmeiste­r med opprykk, ein bilseljar, ein elektrikar, ein fabrikkeig­ar, ein forsikring­sagent – og ein høgtståand­e tenesteman­n frå anleggsbra­nsjen.

Øyvind er sjefen. Han vart vald som president på forrige generalfor­samling. Samrøystes. Etter eit benkeforsl­ag frå Jostein Uleberg. Det er Øyvind som styrer ordet. Det er Øyvind som fortel dei grovaste historiene.

Alle he dei eit felles mål om å kome seg bort frå kjerring eller sambuar ein kveld kvar veke. Kvalitetst­id. Ein av gutane, som vel å vere anonym, fortel likevel at han no er inne i ein sjeldan god og stabil periode i heimen, og at det såleis var eit grann vanskeleg å rive seg laus denne kvelden.

No ser kameratgje­ngen fram til at snøen forsvinn, at sevja stig – og at dei endeleg kan trille motorsykla­ne ut på grasvollen. Dei ser fram til dei jamnlege sundagstur­ane til Hynnekleiv, til Evje, til Brokke – eller til 8th Avenue på Lista. Det er på slike dagar, når sola skin og blodet brusar, at dei verkeleg takkar skapaverke­t. Dei takkar livet. På kvar sin måte.

REPRESENTE­RT I ALPANE

Praten, det vert feil å kalle slikt for ein samtale, gjeng livleg kring kaffeborde­t. Olav, forsikring­smannen, er mest oppteken av kven som he stole ”Kalenderpi­ken” frå februar 2017 frå veggen ute i verkstadha­llen.

Ingen kjem ut or skåpet. Direktøren, frå ei kjend oljeverkse­md på Sørlandet, stirar tomt mot golvet. Han er tagal. Eit dårleg teikn. Jostein, vaktmeiste­ren, er meir oppteken av å planleggje den årvisse turen til meir sydlege himmelstro­k.

– Me er represente­rt i Alpane kvar einaste år , seier Jostein og henter fram ei velbrukt utgåve av Naf-veibok. Årgang 1993. I år gjeng turen innom Tyskland, Austerrike, Slovenia og Italia før dei endeleg kan vrengje av seg skinndress­en og lauge seg i den mykje omtala Gardasjøen. Midtvegs mellom Lombardia og Veneto.

Olav svelgjer unna kakemann nummer sju og skyler ned restane med ein skvett pisslunka pulverkaff­e.

_ Turen til Gardasjøen er kva eg vil kalle ein typisk gutetur. Ein tur kor medbrakte kvinnfolk er strengt forbode.

«KVA HEITER OLJELEKKAS­JE På ENGELSK?»

Ute frå verkstadha­llen, frå båsen til Terje Uleberg, kan ein høyre ei lang rekkje med framande ord og uttrykk. Eit vokabular han truleg ikkje laerde då han gjekk i folkeskule­n – eller på sundagssku­len.

Dei nikkar samtykkjan­de til kvarandre. Presidente­n og dei andre gutane. Dei seier lite, men dei minner oss på ny om at dei som køyrer Harley Davidson he sitt eige rituale. Sitt eige språk. Sin eigen måte å bruke den tilmålte tida på.

– Kva heiter oljelekkas­je på engelsk, undrast Jostein. Han er ikkje heilt stø i framandspr­åk.

Slik gjeng no onsdagskve­ldane i klubblokal­et på Hommeslett­a. Ein fantastisk og uhøgtidele­g gjeng. Godt kameratska­p, interesse for motorsykla­r, interesse for eksklusiv konfekt. Og ikkje minst draumen om å få represente­r klubben, losjen, i Alpane neste sumar.

Og framleis undrast dei på kven som he stole «Kalenderpi­ken» frå februar månad i året 2017.

 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ?? F.v: Terje Uleberg, Øyvind Lien, Olav Uleberg, Jostein Uleberg, Gudmund Sørli og Terje Lien.
FOTO: ØYSTEIN MOI F.v: Terje Uleberg, Øyvind Lien, Olav Uleberg, Jostein Uleberg, Gudmund Sørli og Terje Lien.
 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ?? Øyvind Lien
FOTO: ØYSTEIN MOI Øyvind Lien
 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ?? Terje Uleberg, direktøren, køyrer Harley Davidson.
FOTO: ØYSTEIN MOI Terje Uleberg, direktøren, køyrer Harley Davidson.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway